Eide omsorgssenter

Eide omsorgssenter er ein omsorgsbustad med heildøgns pleie og omsorg for personar med ulik grad av demens.

Om verksemda

Vi har 4 avdelingar med 8 bebuarar på kvar avdeling. Kvar leilegheit er 35 m2 og består av eit rom med eige bad, som blir møblert av bebuar sjølv. Kvar avdeling har fellesareal med kjøken og stove. Bebuar leiger bustad av kommunen og betaler for mat, reinhald, vask av tøy og for eigne medisinar.

 

Aktivitet/miljøterapi

For å gjera kvardagen meningsfull for bebuarane, legg vi til rette for aktivitetar, individuelt og i større grupper. Her legg vi spesielt vekt på at bebuarane skal få auka livsglede gjennom aktivitet.

Uteareal består av ein fin sansehage som omkransar store delar av bygget, og vi har som mål at alle bebuarane våre skal nytta hagen til ulike aktivitetar. Vi har mellom aanna hønsegård der vi låner høner i vår, sommar og haustmånadene, dette har bebuarane stor glede av. I tillegg har vi eit par epletre og bærbuskar som vi nyttar til diverse aktivitetar.

 

Kontakt oss

Eide omsorgssenter

Besøksadr.: Eidesbrotet 21

5750 Odda

53 65 47 80 /975 58 670

Jørgen Ninn

Verksemedsleiar Odda sjukeheim / Eide omsorgssenter

jorgen.ninn@ullensvang.kommune.no

913 38 570 mellom kl. 08.00-15.30

Agniezka Nec

Avdelingsleiar

agnieszka.nec@ullensvang.kommune.no

975 58 670 mellom kl. 08.00 -15.30