Influensavaksinering startar tidlegast i veke 47

På grunn av leveringsutfordringar på landsbasis vil den ordinære vaksineringa i kommunen starte tidlegast i veke 47. 

På grunn av usikker leveringsdato for influensavaksinen kan oppstarten av den ordinære vaksineringa også bli seinare enn veke 47. Kommunen vil oppdatere informasjonen så snart vi får ein konkret leveringsdato.

Det vil vere mogleg å kjøpe og få sett influensavaksine på apotek før den kommunale vaksineringa startar. Sjå apoteka sine eigne nettsider for informasjon. 

Særleg pleietrengande eldre som er aktuelle for den forsterka influensavaksinen Fluad, vil få tilbod om vaksinering tidlegare. Dette gjeld særskilt personar som bur på institusjon, samt eldre personar med omfattande behov for helsetenester i heimen. Helsepersonell i kommunen har oversikt over kven som er omfatta i desse gruppene, og innbyggjarar treng ikkje ta kontakt med kommunen for denne typen vaksinering. 

Barn i risikogrupper i alderen 2–18 år som er aktuelle for influensavaksinen Fluenz, vil òg få tilbod om vaksinering tidlegare via helsestasjonen. 

Vaksinering av desse særskilte gruppene er planlagd å starte rundt veke 41–42.

Informasjon om kommunale vaksinedagar, tidspunkt og stad kjem på eit seinare tidspunkt. Det vert tilbod om vaksinering mot influensa og covid-19, i tillegg til pneumokokkvaksine for personar fødde i 1961.

Følg med på kommunen si nettside for oppdatert informasjon.