Planar på høyring
Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge ut to planar på høyring:
- Regional plan for areal og mobilitet
- Regional plan for verdiskaping og kompetanse
Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vera med og påverke.
Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn.
Sei meininga di digitalt – og hugs høyringsmøte
Planane skal gjelde i 12 år, men før dei blir endeleg vedtekne, er det tid for høyring.
Kommunar, næringsliv, organisasjonar, statlege aktørar, ungdom og andre som har noko på hjartet, får no åtte veker på å kome med innspel. Høyringsfrist: 1. november 2026.
Alle som ynskjer, kan meine noko om innhaldet i dei to planane via eit digitalt høyringsskjema. Du kan velje tema du er oppteken av, skrive eit innspel og sende inn. Målet er at folk lett skal kunne engasjere seg.
Meir informasjon om planane og planprogram, og lenke til skjema for innsending av uttale finn de på nettsidene for dei to planane:
Høyringsmøte
Fylkeskommunen arrangerer digitalt høyringsmøte 16. sept klokka 08.30 - 10.00, les meir om det her. Møtet er ope for alle.
Les heile saka på fylkeskommunen si nettside