Frivilligmessa i Ullensvang 2026

På Iris Scene, Sentralbadet litteraturhus og i Lindehuset kan du denne laurdagen møte frivillige lag og foreiningar på stand. Her kan du finne ein ny fritidsaktivitet til deg sjølv, barn, barnebarn, foreldre, besteforeldre, nye tilflyttarar eller andre du kjenner.

Velkomen til den fyrste frivilligmessa i Ullensvang!

  • Dato: Laurdag 26. september
  • Tid: Kl. 12:00 - 15:00
  • Stad: Iris Scene, Sentralbadet litteraturhus og Lindehuset.

Har kan du som innbyggjar bli meir kjend med alle dei flott fritidstilboda lag og organisasjonar har i kommunen vår. Du kan finne ein ny fritidsaktivitet til deg sjølv, barn, barnebarn, foreldre eller besteforeldre. 

Er du nyinnflyttarar kan du bli betre kjend med alle mogelegheitene frivillig sektor tilbyr i kommunen vår. Du kan møte dei frivillige laga personleg, og få førstehandsinformasjon om aktivitetane deira. Du kan delta i konkurransar og prøve ut aktivitetar hos nokre av standane, og støtte dei frivillige laga gjennom medlemskap og kjøp av ulike artiklar.

Meir informasjon om arrangementet finn du på nettsida til Odda Frivilligsentral

Til frivillige lag og -organisasjonar

Representerer du eit lag er dette ei ypperleg anledning til å marknadsføra dykkar lag/aktivitetar, treffa potensielle nye medlemmer frå alle delar av kommunen og ikkje minst treffa andre lag i kommunen for utveksling av idéar, samarbeid og felles utfordringar. 

Påmelding for frivillige som ynskjer å ha stand