Grønt modellhus oppå planteikning

Bustadtilskot til utgreiing og prosjektering

Tilskot skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad skal få utgreidd og prosjektert løysingar for å få ein betre tilpassa bustad.

Tilskotet kan tildelast til enkeltpersonar for utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekka spesielle behov. Tilskotet kan tildelast når nokon i husstanden har behov for tilpassing for å kunne fungera i bustaden i dag eller i framtida. Tilskot til utgreiing vert som hovudregel berre tildelt til eksisterande bustader. Tilskotet kan nyttast til enkle undersøkingar av bustaden, bl.a tilkomst til bustad, beskrivelse av den tekniske tilstanden, arealbehov, mogelegheiter og avgrensingar og økonomiske overslag. Tilskotet kan tildelast til å dekke kostnader til leige av fagleg hjelp til prosjektering, dvs. td. leige av arkitekt og liknande. Tilskot kan også tildelast til prosjektering av velferdsteknologi. Utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig.

  • Tilskotet kan dekka kostnader til utgreiing med inntil kr. 20.000,- pr sak.
  • Tilskotet kan dekke kostnader til prosjektering med inntil kr. 20.000,- pr sak.
  • Størrelsen på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar.

Søknader frå personar som har eit føreliggjande behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne skal prioriterast først. Det skal i vurderinga leggjast vekt på økonomien til husstanden.

 

Prioriteringar

  1. Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov.
  2. Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
  3. Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
  4. Husstandar som ynskjer å tilrettelegge for framtidig behov

 

For utfyllande informasjon

Retningsliner for bustadtilskot til tilpassing, utgreiing og prosjektering til enkeltpersonar i Ullensvang kommune.

 

Vedlegg som du skal sende inn saman med søknaden

  • Skattemelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Dokumentasjon på evt gjeld
  • Legeerklæring og/eller uttale frå ergoterapeut som dokumenterer behovet

 

Sakshandsamingstid

Kommunen vil handsame søknaden så snart som mogleg. Dersom me har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Klagerett

Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.

 

Ta gjerne kontakt dersom du treng meir informasjon og/eller hjelp til å søkje:

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

46 87 66 41

Kjellrun Tveisme

Bustadkontoret

kjellrun.tveisme@ullensvang.kommune.no

46 87 66 41 / 94 78 41 65

Monika Børsheim

Bustadkontoret

monika.borsheim@ullensvang.kommune.no

46 87 66 41 / 48 27 54 97