Rein Hardangerfjord

Vi inviterer dykk til å bli med og rydde vår vakre Hardangerfjord for plast, torsdag 17. september. Dette er det femte året vårt med ryddeaksjon. Målet er ein plastfri fjord, og det er for å verne naturen og dyra i havet, og gjere det reint for dei som kjem etter oss!

Mer info

Vi inviterer skular, barnehagar, lag og organisasjonar til den store ryddedugnaden. Plastforsøpling langs Hardangerfjorden er eit aukande problem som påverkar både naturen, dyrelivet og menneska som bur og ferdast i området. Kvar bit plast som hamnar i fjorden kan bli verande i naturen i fleire hundre år, og brytast ned til mikroplast som lett blir teke opp av fisk, fugl og andre marine organismar. Dette kan skade dyra direkte, og samstundes finne vegen vidare inn i næringskjeda.

Hardangerfjorden er ein av dei mest verdifulle naturressursane vi har, både som leveområde for eit rikt biologisk mangfald og som grunnlag for friluftsliv, reiseliv og lokal verdiskaping. Når plast og anna avfall samlar seg langs strender og i vasskanten, går det utover både naturopplevinga og økosystemet i fjorden.

Rydding av plast langs fjorden er difor eit viktig og konkret tiltak alle kan bidra til. Ved å delta i ryddeaksjonar er du med på å redusere mengda plast som kan skade dyr og natur, samstundes som du er med på å ta vare på fjorden for framtidige generasjonar. Saman kan vi gjere ein forskjell, og arbeide mot målet om ein reinare og meir berekraftig Hardangerfjord.

Les meir på nettsida til Framtidshavet

Kommunen vil setje opp ein container, og det blir mogleg å hente sekkar og hanskar. 

Det blir containere:

  1. Odda kai (ved pumpehus), 5750 Odda
  2. Fjordavegen 4245 (driftsbase veg og park), 5778 Utne
  3. Kommunal kai i Kinsarvik, Kinsarvikvegen 36A, 5780 Kinsarvik
  4. Kommunal kai i Jondal, 5627 Jondal

Kontakt oss

Hamn
E-post
Telefon 41 75 06 74