Vald og seksuelle overgrep mot barn og unge

Alle barn har rett til å vakse opp utan vald og overgrep. For å lukkast med arbeidet mot vald i nære relasjonar, er det nødvendig med auka fokus på problematikken. Det er viktig at innbyggjarane og tilsette i Ullensvang kommune forstår at vald kan skje i nærområdet og med barn og familiar me kjenner. Vald skjer i alle samfunnslag.

Kvinnherad – og Ullensvang kommune har eit 3-årig (01.01.21 – 31.12.23) samarbeidsprosjekt: Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep. Kvinnherad kommune er vertskommue for prosjektet.

 

Prosjektet har samarbeid med følgande kompetansemiljø:

  • RVTS Vest
  • Krisesenter Vest IKS
  • Barnehuset

Kva ønskjer me at prosjektet skal bidra til?

  • At ein har plan/system for å auka kompetansen om vald og seksuelle overgrep i kommunale tenester.
  • At ein har ein plan/system for å auke barn og unge sin kompetanse om vald og seksuelle overgrep.
  • At vi har utvikla ein god modell for hjelpetiltak til barn og familiar der det er mistanke/avdekka vald eller seksuelle overgrep, slik at barn får rett hjelp til rett tid.
  • At vi har utvikla ein god modell for korleis ein skal sikre god gjenforening mellom barn og foreldre, og mellom familie og ulike tenester, etter tilrettelagt avhøyr på barnehuset.

 

Målgruppe for prosjektet:

  • Barn og unge, samt tenester som møter barn og unge, samt så langt som det lar seg gjere inn mot frivillige organisasjonar
  • Barn og familiar der det er mistanke om, eller er avdekka vald og overgrep

 

Hovudinnhald i prosjektet

Prosjekter vil ha tre hovuddelar:

  • Plan for kompetanseheving til tilsette i kommunen, samt plan for informasjonsarbeid inn mot barn og unge og frivillige organisasjonar.
  • Utvikle gode hjelpetiltak til barn og familiar, der det er mistanke om eller avdekka vald og seksuelle overgrep
  • Sikre gode gjenforeningsmøte etter avdekking/tilrettelagt avhøyr på barnehuset
Ung jente som er lei seg. Holder hendene forann ansiktet. Foto.

Kontakt oss

Kurt Dahl

Kvinnherad kommune

kurt.helge.dahl@kvinnherad.kommune.no

905 23 059

Vibeke Lynghammer

Rådgjevar oppvekst/Politisk sekreteriat

vibeke.lynghammer@ullensvang.kommune.no

971 71 234