H.M. Kong Harald V

Det er med stor sorg vi har teke i mot bodskapen om at Kong Harald er død. Folkekongen har betydd mykje for innbyggarane i lokalsamfunnet vårt og i heile landet.

Kimm Saatvedt/Det kongelige hoff

Harald V har representert fellesskapet og nasjonen vår på beste vis. Alle har hatt eit forhold til Kong Harald.

Mange av innbyggarane i kommunen vår fekk oppleva kongeparet under fylkesturen deira i juni 2019. Då vitja dei kommunane Jondal og Odda. Kongen og dronninga åt middag i lag med mange innbyggarar i den vakre kraftstasjonen i Tyssedal.

Innbyggarar fekk oppleva kongeparet på nært hald i Jondal og Odda. Talen frå kongen i Almerkeparken i Odda gjorde sterkt inntrykk. Kong Harald talte til folk med varme. Vidare fekk mange snakka med og helsa på kongeparet.

Både i Jondal og i Odda møtte lokalbefolkninga opp i hopetal. Det var sterkt å sjå kor mykje møtet med kongeparet betydde for innbyggarane. Og kor stolte dei var over å visa kongeparet lokalsamfunnet sitt. Ikkje minst fekk kongeparet presentert bygder, lag, organisasjonar og kulturinnslag.

Vi opplevde kongen som uhøgtideleg, interessert, raus og humørfylt i møte med folk.

Gjennom eit langt liv har kongen sett sitt preg på landet og bidratt til samla oss som folk.  

Kongen Harald har vist ein imponerande arbeidsinnsats og strekt seg langt i besøk over heile Norge.

Ullensvang kommune kjem med ei siste helsing til Hans Majestet Kong Harald V. Vi er glade  for alt du var for oss. Takk for minna vi vil bera med oss vidare.

Vi lyser fred over Kong Harald V sitt minne.

 

Roald Aga Haug
Ordførar