Arbeidar i produksjonslokale i industien. Foto: Skarv Studio

Ullensvang næringsfond

Ullensvang Næringsfond har to utlysingar i 2021:

  • Første utlysing er frå 15. februar, med søknadsfrist 15. april. Tildeling i utval for Samfunn, plan og næring i juni.
  • Andre utlysing er frå 15. august, med søknadsfrist 15. oktober. Tildeling i utval for Samfunn, plan og næring i desember.

Ullensvang næringsfond har i 2021 ei ramme på 2 mill. kroner. Omlag halvparten kan bli tildelt i kvar søknadsrunde.

Du søkjer næringsfondet via Regionalforvaltning.no – portalen opnar den 15. februar.

Krav til søkjar

Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen eller den som yter denne tenesta på vegne av kommunen for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.

 

 

Næringssaker

Inge Håvard Aarskog

Næringssjef

inge.aarskog@ullensvang.kommune.no

948 01 823

Saker knytt til land- og havbruk

Trygve Vik

Verksemdsleiar: Land- og havbruk

trygve.vik@ullensvang.kommune.no

 

Reglar for bruk av Ullensvang næringsfond

Vedteke av Ullensvang kommunestyre den 27.01.2021 – sak 005/21

Desse reglane er heimla i vedtekter for Ullensvang kommune sitt konsesjonsavgiftsfond, godkjent av Kommunestyret den 29.04.2020 – sak 075/20.

Reglane skal reviderast seinast 6 månadar etter oppstart av kvar nye kommunestyreperiode.

Reglane vil bli oppdatert slik at dei er i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale og internasjonale avtalar og føringar.

Føremål for bruk av næringsfondet skal vera i samsvar med vedtekter for konsesjonsavgiftsfondet i Ullensvang kommune.

 

Fondet kan nyttast til følgjande:

  • Bedriftsutviklingstiltak og nyetableringar
  • Undersøkingar, planlegging og prosjektering
  • Investeringar
  • Arrangement til fremjing av næring
  • Kompetanseheving

Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadressa i Ullensvang kommune. Regionale selskap i Hardangerregionen kan og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt.

Ingen har rettskrav på tilskot frå fondet. Tildeling av tilskot vil skje etter ei skjønnsmessig vurdering av det omsøkte tiltaket og i tråd med gjeldande reglar for bruk av Ullensvang næringsfond.

 

1.1 Handsaming og fullmakter

Rådmannen innstiller saker til Utval for samfunn, plan og næring som er fondstyre.

Søknadane vert handsama inntil to gonger i året innanfor budsjettramma. Rådmannen har mynde til å fastsetja søknadsfristane. Rådmannen har fullmakt til å setje vilkår for tildeling av tilskot.

 

1.2 Krav til søknaden

Føremålet med innhaldet i søknaden er at søkjaren skal vise at han/ho sjølv har vurdert utfordringane og moglegheitene for å nå måla i prosjektet sitt. Krav til innhald i søknaden kan variera mellom prosjekta.

Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen eller den som yter denne tenesta på vegne av kommunen for innleiande samtalar, og for avklaring av innhald i ein eventuell søknad.

Det er krav om eigenfinansiering på minimum 25 % av totalbudsjettet. Maksimalt 500 timar eigeninnsats kan reknast som eigenfinansiering.

Eigenfinansieringa kan vera i form av eigne midlar eller eigeninnsats, eventuelt ein kombinasjon av desse to. Eigeninnsatsen bereknast som 1,2 promille av nominell årsløn, maksimalt kr 600,- per time, dersom ikkje anna er avtala. Med nominell årsløn meinast den tilsette si avtala årsløn ved utløpet av året. Betaling for ekstrainnsats som overtidsbetaling, bonusar og liknande reknast ikkje med i nominell årsløn.

Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar: Framkommer i Regional forvaltning som er søknadssida.

A. Informasjon om søkjar
Dersom eit firma/ein organisasjon er søkjar:
Namn, org. nr, adresse, telefon, e-post. Bransje.

Dersom ein person er søkjar:

Namn, adressa, telefon, mailadressa. Utdanning og yrkeserfaring.

B. Prosjektomtale
Kva det vert søkt om støtte til.

Omtale av forretningsidé, marknad, kundar, konkurranse.

Søknadsbeløp.

Forklaring om kvifor det vert søkt om stønad, og i kva grad midlane vil ha utløysande effekt.

Sjå og § 2 Prioriteringar.

C. Investeringsbudsjett
Kva det skal investerast i og kor mykje. Alle summar eksl. mva.

D. Finansieringsplan
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder.

E. Driftsbudsjett
Oppstartsåret + to år.

F. Skatteattest og rekneskap

  • Skatteattest bør følgja søknaden for å sikre visse om at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevja å få utlevert skatteattest.
  • Rekneskap for siste rekneskapsår bør følgja søknaden for å synleggjera den økonomiske situasjonen til verksemda, og for å sikre visse om at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevja å få utlevert rekneskap.

Søknader som manglar ovannemnde opplysningar (A-E) kan risikera å ikkje bli handsama og kan verta avvist. Søknaden skal sendast i Regionalforvaltning. Rådmannen har fullmakt til å avvisa søknadar som har manglande opplysningar.

 

1.3 Klage

Det er klageadgang på enkeltvedtak i medhald av forvaltningslova. Klager vert handsama av kommunalt klageorgan.

 

1.4 Storleik på tilskot

Støttebeløp opp til 200 000 euro kan på visse vilkår tildelast uten at det er naudsynt å få førehandsgodkjenning av EFTA sitt overvakingsorgan.

Eit prosjekt kan etter EØS-avtalen sin artikkel 61 motta stønad inntil 200.000 euro over ein treårsperiode – ei såkalla bagatellmessig støtte. For støtte til vegtransportsektoren (t.d. transportselskap) gjeld ein lågare terskelverdi på 100.000 euro (ca NOK 1 millionar) over tre år.

Prosjekt/tiltak med total kostnadsramme under kr. 100.000,- vert ikkje handsama og skal bli avvist, med unntak av opplæring pkt. 3.1, arrangement pkt. 3.2 og landbruk § 4.

 

1.5 Samla tilskot

Samla bedriftsretta tilskot frå offentlege tilskotsytarar (t.d. Ullensvang kommune og Innovasjon Norge) og private tilskotsytarar (t.d. bankforbindelsen) kan ikkje overstiga 75 % av prosjektet sitt kapitalbehov.

Summen av alle offentlege tilskot kan ikkje overstiga 50 % av prosjektet sitt kapitalbehov. For arrangement gjeld ikkje denne grensa. Sjå elles arrangement pkt. 3.2.

Summen av alle offentlege tilskot kan vera inn til 60% for tiltak eller bedriftsetableringar som tek særskilte miljøomsyn.

For landbruk, sjå punkt 4.

 

1.6 Utbetalingar

Tilskota vert utbetalt slik det vil gå fram av vedtaket. Dersom vedtaket ikkje nemner korleis utbetalinga skal skje, gjeld følgjande:

  • 50 % av tilskotet vert utbetalt når søkjar dokumenterer at minst 50 % av budsjetterte kostnadar er utført.
  • Minst 10 % av tilskotet skal haldast attende til heile tiltaket er gjennomført og godkjend.

Oppmoding om utbetaling skal vere skriftleg (brev eller e-post). Ved avvik mellom beløpa i søknaden og faktiske kostnader vil det vera dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som vert utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket.

Om ikkje anna er nemnt i tilsagnet, er det gyldig i 12 månader rekna frå vedtaksdato. Det kan gjevast forlenging dersom tungtvegande grunnar tilseier det.

 

1.7 Erklæring for mottak av tilskot

Vilkår for tilskot skal aksepterast skriftleg av søkjar snarast og seinast 2 månader etter at tilsagnsbrev er motteke. Dersom dette ikkje vert gjort, fell tilsagnet vekk.

 

1.8 Rapportering

Mottakar av tilskot skal seinast 12 månadar etter vedtaksdato rapportera status for prosjektet/tiltaket til Ullensvang kommune. Prosjekt/tiltak som varar meir enn 12 månader rapporterar når prosjektet/tiltaket er avslutta, men seinast 24 månadar etter vedtaksdato. Rapporten skal visa korleis prosjektet/tiltaket har utvikla seg samanlikna med planane.
Manglande rapportering kan medføra krav om tilbakebetaling av tilskotet, heilt eller delvis.

 

1.9 Flytting av verksemd/arbeidsplass

Dersom verksemda/arbeidsplassen flyttar ut av kommunen før det er gått fem år sidan tilskotet vart utbetalt, må heile tilskotet betalast attende. Om tilskotet er utbetalt og investeringa/tiltaket ikkje vert gjennomført, skal tilskotet betalast attende fullt ut.

Tilskot vert prioriterte i samsvar med til ei kvar tid gjeldande kommunale planar og næringsstrategiar.

Følgjande tilhøve vert vektlagt og bør omtalast i søknaden;

  • Sysselsetjingseffekt
  • Økonomien i prosjektet
  • Samarbeidspotensialet (etablerte og andre potensielle samarbeidsløysingar)
  • Innovasjons- /nyskapingsgraden/kryss-sektor
  • Omdømebygging
  • Miljø og folkehelsa
  • Disponible midlar
  • I kva grad midlar frå næringsfondet vil ha utløysande effekt på tiltaket

 

Det vert ikkje gitt stønad til følgjande:

  • Tiltak/prosjekt som er starta før søknadsfrist ved forrige tildelingsrunde i næringsfondet
  • Ordinær drift
  • Sanering av gjeld
  • Garanti for lån
  • Kjøp av eigedom
  • Innkjøp av godstransportkjøretøy hjå foretak som driv godstransport på veg for ein annan si rekning**
  • Direkte eksportstønad**
  • Fremming av innanlandske produkt på bekostning av importerte produkt**

**Jfr Kommisjonens forordning nr. 1407/2013 og forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2.

Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadressa i Ullensvang kommune jfr. § 1 føremål.

 

3.1 Opplæring

Verksemder i Ullensvang kommune kan få dekka inntil 50% av kostnadane gjennom felles norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

 

3.2 Arrangement

Arrangement skal minimum ha regional interesse, og skal fremja næring, rekruttering og godt omdømme for kommunen. Søknaden skal òg syna verdiskapinga arrangementet gir.

Arrangementet kan få dekka inntil 25% av reelle kostnader. Eigeninnsats er ikkje å rekne som reelle kostnader.

Prosjekt/tiltak med total kostnadsramme under kr. 50 000,- vert ikkje handsama.

 

3.3 Prosjekt

Lokale selskap kan få tilskot til fellesprosjekt/tiltak som omfattar deltaking frå fleire aktørar i Ullensvang kommune.

Som omtalt § 1 føremål, kan regionale selskap i Hardangerregionen og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt.

§ 4 Særskilte reglar for landbruk

Vilkår for å søkja om støtte til omtala tiltak er at det er aktiv drift på landbrukseigedomen og at søkjar har rett på produksjonstillegg.

Dersom omsøkt tiltak krev løyve/godkjenning frå offentleg myndigheit, er søkjar sjølv ansvarleg for å ordna dette. Døme på slikt løyve er byggjeløyve, godkjenning av plan for nydyrking, godkjenning av landbruksveg osb.

Før søknad vert sendt inn, skal landbrukskontoret i kommunen kontaktast.

Tiltak som legg til rette for eit meir miljøvenleg landbruk – «det grøne skifte» – skal prioriterast ved tildeling av tilskot.

Prosjekt/tiltak med total kostnadsramme under kr. 60.000,- vert ikkje handsama.

Det må alltid liggja føre rapport og rekneskap før løyvde midlar vert utbetalt.

Kommunen kan gje støtte til følgjande prioriterte satsingsområde (tiltak):

TiltakTilskotVilkår
TiltakKjøp av mjølkekvotarTilskot Kr. 2,- kr pr. liter. Maks 100 000,- pr søkjar, pr. 5-års periode VilkårUtbetalt tilskot skal betalast attende dersom tilskotsmottakar sel kvota innan 5 år frå kvota vart kjøpt. Løyvd tilskot vert utbetalt når det ligg føre dokumentasjon på kjøpet.
Tiltak Investeringar bygningar husdyr, t.d driftsbygning og andre bygg som kjem inn under Innovasjon Norge sine ordningarTilskotInntil 30 % av godkjend tilsegn gitt av Innovasjon Norge, maks kr 500.000,- VilkårTiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentlege krav og vilkår.
TiltakInvestering bygningar som ikkje er omfatta av Innovasjon Norge sine ordningar (t.d lagerbygg for frukt/utstyr).TilskotInntil 20% av godkjend kostnadsoverslag, maks kr 300.000,- VilkårTiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentleg krav og vilkår.
TiltakNydyrking og opparbeiding eller arrondering i etablerte dyrka areal.TilskotInntil kr 10.000 pr daa for areal som har godkjend plan for dyrking, maksimalt kr 200.000,-VilkårOmsøkt areal må haldast i hevd med aktivt landbruk i minst 5 år, samt tiltaket må minst omfatte 5 daa.
TiltakDyrking av frukt, bær og grønsaker. Tilskot Inntil 10 % av godkjend tilsegn gjeve av Innovasjon Norge.VilkårAuka verdiskaping på gardsbruket/driftseininga.
Tiltak Tilleggsnæring –som til dømes oppleving, reiseliv, lokal mat.TilskotVert handsama etter gjeldande reglar for Ullensvang næringsfond.VilkårAuka verdiskaping på gardsbruket.
Tiltak Kompetanseheving TilskotInn til 50% av kostnad med kurs og anna kompetanseheving. Maks sum pr. søkjar kr 30 000,- VilkårBestått kurs/utdanning.
TiltakOmlegging til Økologisk drift.TilskotKr 15 000 fyrste året av omleggingsperioden Kr 15 000 ved DEBIO-godkjenning.VilkårDrifta må vera DEBIO-godkjend i minst 5 år. Elles kan tilskotet trekkjast tilbake.