Kommuneplanen sin arealdel - status per april 2025

Administrasjonen har merka ei auke i spørsmål om status for arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Dette har vore eit viktig planarbeid for kommunen, men òg for privatpersonar og næringsliv, og det er både naturleg og positivt at ein møtar slikt engasjement om status for det pågåande arbeidet.

Politisk forankring og konsekvensutgreiing

Per no er administrasjonen i gong med den politiske forankringa av planen. Det vil seie at dei områda som har vore handsama av styringsgruppa for kommuneplanen sin arealdel no har vore på konsekvensutgreiing for å sjå på dei positive og negative konsekvensane av dei innspelte areala. Dette er eit lovkrav som alle kommunar må forholda seg til, og areala har vore gjennom grundige vurderingar opp mot mange deltema, slik som kulturmiljø, naturmangfald, beredskap, nasjonale føringar og barn og unge sine interesser, m.m. 

Noverande steg er å finna avbøtande tiltak der det er mogleg slik at det samla sett vert samfunnsmessig positivt, og få desse areala handsama politisk.

Vidare prosess og målsettingar

Administrasjonen sitt mål er å ha alle areala ferdig politisk handsama seinast i Utval for samfunn, plan og næring i juni 2025. Etter dette vil administrasjonen straks gå i gong med forarbeidet til regionalt planforum som er på hausten 2025.

Tema for bustad, fritidsbustad, småbåthamn og naust er allereie ferdig handsama av Utval for samfunn, plan og næring.

Vidare arbeid og medverknad

Kommuneplanen sin arealdel har høg prioritet for kommunen, og administrasjonen vil halde fram med å arbeide aktivt fram mot endeleg vedtak. Følg gjerne med på dei neste utvalsmøta for Utval for samfunn, plan og næring i april og juni.

Utval for samfunn, plan og næring

Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon.

KommuneTV

Sjå politiske møter direkte eller på opptak.

Følg med på KommuneTV