Tildeling av talentstipend for 2025

Kommunen støttar tiltak for mangfald av deltaking og aktivitet for dei mange, men ynskjer også å lyfta dei som utmerkar seg innanfor ulike område av kultur og idrett. Talentstipendet er ei merksemd og oppmuntring til unge og unge vaksne med virke innan kunst eller idrett, og med ambisjonar om å utvikla talentet

Dette året har me fått søknadar frå 5 imponerande talentfulle ungdommar. Dei utmerkar seg i ulike kulturutrykk og idrett på høgt nivå, som hardingfelemakar, fotballspelar, langrennsløpar, songar/musikarar og vokalist i band.

Alle er flotte representantar for kommunen, og me vil gjerne gje dei ei lita merksemd og støtte på veg. Ramma for talentstipendet er kr 50 000, så søkjarane får kr 10 000 kvar

Dei som er tildelt stipend er:

  • Martin Vintertun Grasdal, folkemusikk, felemakar
  • Ingrid Marie Næsheim Medhus, langrenn
  • Dina Helene Terjesen Selvær, musikk, song
  • Vilde Rasmussen, fotball
  • Emma Putnam, musikk, band og solo

De kan lesa meir om dei ulike kandidatene og vurderinga i saka. 

Vi gratulerer med stipend og ynskjer alle lukke til.