Bli kursleiar på Sommerlab

Forskarfabrikken sin sommarskule skal vere i Røldal i veke 32. Dei er på jakt etter kursleiarar, gjerne lokal ungdom, som brenn for realfaget. 

Om Sommerlab

Sommerlab er eit fem-dagars forskarkurs som blir arrangert på sommarhalvåret. Kurset er for barn som skal starta i 5. - 7. klasse den kommande hausten. Timeplanen er sett saman av ulike aktivitetar som fokuserer på å trena både hjernen og kroppen. Som kursleiar rettleier du deltakarane gjennom alt frå spennande eksperiment til morosam fysisk aktivitet. Målet er å vekkja interessa til barna for real- og teknologifag og bidra til at dei kjenner meistring i desse faga.

Opplæring

Forskerfabrikken har fokus på høg kvalitet, både fagleg og pedagogisk. Derfor vil du som kursleiar få ei grundig opplæring i kursopplegga og filosofien våre.

Opplæringa av Sommerlab går føre seg via e-læringsplattforma vår. Alle kursleiarar må gjennomføra dette. Du vil få tilgang til gode rettleiingsheft og videoar av eksperimenta, slik at du får øvd deg på det faglege innhaldet i kurset.

Du vil ha tilgang til e-læringsplattforma og rettleiingshefta heile perioden du jobbar for oss. Me er tilgjengelege for deg på e-post og telefon dersom du treng råd, hjelp og oppfølging undervegs.

Gå inn på lenkja under og søk om du tenkjer dette kan vere noko for deg.

Blir kursleiar på Sommerlab