Vi blir gratis kommune i "Sykle til jobben-aksjonen"

Friluftshovudstaden er stolte over å kunne melde at vi i år blir ein gratis kommune i den landsomfattande Sykle til jobben-aksjonen! Det betyr at alle innbyggjarar i kommunen kan delta heilt gratis – og vi oppmodar alle til å bli med.

Sykle til jobben-aksjonen er ein morosam og motiverande kampanje som skal inspirere til meir fysisk aktivitet i kvardagen. Du vel sjølv korleis du vil vere aktiv – det viktigaste er å røre på seg. Det gjeld heile døgnet, ikkje berre på veg til og frå jobb!

To personer som står ved ein sykkel med ein bygning i bakgrunnen med teksten Rådhus på. Bilete. - Klikk for stort bilete– Vi er glade for å kunne tilby gratis deltaking til alle innbyggjarar, seier Randi Karin Habbestad og Dag Endre Opedal i kommunen – Dette er ein flott sjanse til å gjere noko positivt for både helse, miljø og fellesskap.

Du kan til dømes registrere aktivitetar som:

  • Gåtur
  • Sykle
  • Jogge
  • Gå med barnevogn
  • Symjing
  • Treningsøkter på treningssenter
  • Toppturar eller andre friluftsaktivitetar
  • Aktiv transport til butikk, barnehage eller skule

Alt tel! Målet er å inspirere til ein meir aktiv livsstil, uansett nivå eller kvardag.

Slik blir du med

  1. Gå til: sykletiljobben.no
  2. Registrer deg som deltakar og vel Ullensvang kommune som bustadkommune
  3. Start å registrere aktivitet frå kampanjestart!

Årets aksjon startar 7. mai og varer til 15. juni. Det blir både premiar, utfordringar og moglegheit til å delta saman med kollegaer, vener eller åleine.

Kvifor bli med?

  • Kom i betre form og få meir energi i kvardagen
  • Gjer noko godt for miljøet
  • Vinn flotte premiar
  • Ver ein del av eit nasjonalt fellesskap for ein meir aktiv livsstil

Vi håpar at så mange som mogleg vil bli med og gjere Ullensvang kommune til ein aktiv og inspirerande deltakar i årets aksjon! 

Vi håpar også at bedriftane i kommunen blir med. Bedrifter kan opprette fleire lag internt i kvar bedrift, for å konkurrere med kvarandre.

Gul pil som peikar oppover med teksten Friluftshovudstaden i svar ved siden av. Illustrajson. - Klikk for stort bilete