Elever som går på skolebussen

Skuleskyss

Elevane kan ha rett på skyss på ulike grunnlag.

Avstand

  • Elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
  • Elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen

Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss har også rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane.

Føresette/foreldre må søke Fylkeskommunen/Skyss, og kan kontakte skulen for hjelp. For tilrettelagt skyss på medisinsk grunnlag må skyssbehovet vere dokumentert med legeerklæring.

 

Andre grunnlag

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Søknad om tilrettelagd skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg skal sendast til skulen i samband med søknad om skuleskyss.

Aktuelle lenker

 

Meir informasjon

For meir informasjon gå til Skyss.no > Skuleskyss

Det er Skyss som har ansvar for skuleskyssen i Hordaland og elevar som har rett til dette får innvilga gratis skuleskyss.