Om Skare barneskule

Skulen ligg fint til, midt i bygda. Bygget rommar både skule og grendahus, i tillegg til SFO, symjehall og bibliotek. Uteområdet inneheld kunstgrasbane, ballbinge og leikeapparat i tillegg til flott natur.

Skulen er fådelt, og har markert seg ved å vinna prisar både innanfor Ungt entreprenørskap og Smartare energi.

Ein viktig kulturberar

Samarbeidet med ulike aktørar som Skare bygdekvinnelag, Skare idrettslag, oritenteringslaget, Skare ungdomslag og lokale bedriftar er viktig for skulen vår. Skulen er ein viktig kulturberar som saman med dei lokale laga er viktig for at tradisjonar og lokalhistorie vert delt med dei yngre generasjonane. Samarbeidet med Skare bygdekvinnelag er her særleg viktig. Skulen ser verdien av å dela slik kunnskap på tvers av generasjonane. Samt samarbeidet som går på tvers både av generasjonar og dei ulike laga.

Folkedans

Den årlege opplæringa av elevane i folkedans er noko skulen set stor pris på, her er Skare ungdomslag ein stor ressurs som som gjer at skulen årleg har eit flott og variert 17. mai-program. Å ta vare på tradisjonar og lokal kunnskap er samlande for både skulen og heile bygda.

 

Stadsnamn og lokal historie

Skulen er flink til å ta elevane med ut å nytte den flotte naturen vi har i bygda, Skareturen, Gamlevegen, Sunderlø og lokale leikeplassar er stader skulen ofte besøker. Dette er med på å gjere elevar bevisste på lokale stadnamn og lokal historie.

 

Bygdakveld

Kvart år arrangerer Skare barneskule ein bygdakveld for besøkande, dette er eit kulturelt innslag med m.a song, skodespel, dans m.m som trekkjer fulle hus kvart år. Skare barneskule og grendahuset har ei viktig og sentral rolle i lokalsamfunnet, dei fleste lokale laga har sine aktivitetar her og grendahuset, gymsal og basseng er nytta dagleg av heile bygda.

 

 

Skare barneskule