Om Kinsarvik skule

Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomskule med elevar frå 1. til 10. klasse. Den ligg fint til sentralt i Kinsarvik med gode uteområde kring skulen. Skulen fekk nytt tilbygg i 2003, då barneskulen frå Ystanes vart flytt til Kinsarvik skule. Elevane på ungdomsskulen kjem frå austsida av Sørfjorden. Ved skulestart er det 170 elevar ved skulen.

På Kinsarvik skule har me elevar som kjem frå mange ulike land, så me har eit stort mangfald hjå oss. Det er mange elevar som har norsk som andrespråk.

Skulen arbeider for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø. Skulen har utarbeida ein plan for det sosialpedagogiske arbeidet. Målet med Kinsarvik skule sin Sosialpedagogiske plan er å sikre elevane våre eit trygt læringsmiljø. Det krev eit godt samarbeid mellom dei tilsette på skulen, elevane og føresette.

Skulen har symjebasseng der det vert gitt symjeopplæring for alle elvane på austsida av Sørfjorden.

Ullensvang kommune har ein leigeavtale med Fjordahallen, og elevane er priviligerte som kan ha kroppsøving i denne flotte hallen.

SFO ved skulen vert nytta av mange elevar. For meir informasjon om SFO, ta kontakt med skulen.