
Om helsestasjonstenesta
Helsestasjon for sped- og småbarn, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom skal forebygga sjukdom og fremma god psykisk og fysisk helse. Vi har kontakt med (nesten) alle familiar, barn og ungdom 0-20 år og gir tilbod om vaksinasjonar, helseundersøkingar og rettleiing om korleis ein kan forebygga sjukdom og skader.
Du møter desse yrkesgruppene
- Helsesekretær
- Jordmor
- Helsesjukepleier
- Psykolog
- Lege
- Sosionom
Målet med helsestasjonsprogrammet er
- å forebygga alvorlege komplikasjonar og sjukdom hos mor og barn
- at foreldra opplever meistring i foreldrerolla
- å bidra til eit godt samspel mellom foreldre og barn
- å fremma fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn, skolebarn og ungdom.
- å forebygga, hindra og oppdaga vald, overgrep og omsorgssvikt
- oppdaga fysiske og psykiske utviklingssavvik tidleg
- sjå til at barn og unge får oppfølging og henvisa dei vidare ved behov
Kontakt oss

Ullensvang helsestasjon
Opheimsgata 31
5750 Odda
975 58 436
