Legevakt

Legevakta si oppgåve er å gi deg nødvendig helsehjelp når fastlegen ikkje kan nyttast, eller du oppheld deg i kommunen og ikkje har fastlege her.

Opningstider legevakta

Medisinsk nødtelefon og legevaktstelefon er bemanna med sjukepleiar 24 timer i døgnet – alle dagar. Lege har vakt kl. 15.30 – 08.00 på kvardagar og kl. 08.00 – 08.00 (heile døgnet) i helger og heilagdagar.

Kontakt alltid fastlegen i kontortid kvardagar kl. 08.00 – 15.30, med mindre du oppheld deg i kommunen og ikkje har fastlege her.

 

Korleis kontakte legevakta?

Du må ringje oss før du kjem, slik at me kan tildele deg ein time. På den måten kan me vera førebudd og vurdera kor raskt du treng hjelp. Kanskje kan me også løyse problemet ditt, eller gi deg råd, på telefon eller video.

Når du ringjer, ber me om at du oppgir fullt namn og personnummer slik at me får registrert deg.

 

Ventetid på legevakta

Pasientar vert prioritert etter medisinsk alvorlegheitsgrad. Difor kan du oppleva at pasientar som har venta kortare tid enn deg kan kome raskare til behandling.

 

Reseptar

Ullensvang legevakt skriv kun ut resept på medisin som gjeld den akutte behandlinga. Desse må hentast i apoteka si opningstid. Når apoteket er stengd får du med deg startdosen frå legevakta. Faste medisinar må du få resept på hos fastlegen.

 

Reglar for sjukemelding

Legevakta sjukemelder kun for ein kort periode. Kontakt fastlegen ved forlenging av sjukemelding og anna oppfølging

 

Betaling

Du betalar ein eigenandel for legekonsultasjon. I tillegg må du betala for eventuelt forbruksmateriell og medisinar.