Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Bustadtilskot til etablering og tilpassing

Ullensvang kommunestyre har i møte 26.2.2020, sak 037/20 vedteke kommunale retningsliner:

  • Retningsliner for bustadtilskot til etablering i eigen bustad i Ullensvang kommune
  • Retningsliner for bustadtilskot til tilpassing, utgreiing og
    prosjektering til enkeltpersonar i Ullensvang kommune

Bustadtilskot til etablering

Tilskot til etablering kan tildelast til enkeltpersonar til etablering i eigen bustad, refinansiering som er nødvendig for å behalda bustaden, utbetring av eigen bustad og ved kjøp av brukt bustad som er nødvendig for at bustaden skal vera råd å bu i og eigna for bebuar over tid. Tilskot kan tildelast til reetablering av vanskelegstilte som har behov for ein betre tilpassa bustad.

Vanskelegstilte i bustadmarknaden og spesielt familiar med barn skal ha høg prioritet.

Tildeling av tilskot er økonomisk behovsprøvd, og vil vera avhengig av at det er disponible kommunale tilskotsmidlar.

 

For utfyllande informasjon – sjå:
Retningsliner for bustadtilskot til etablering i eigen bustad i Ullensvang kommune

 

Bustadtilskot til tilpassing

Tilskotet kan tildelast til tilpassing av bustad til personar med nedsett funksjonsevne og til eldre som ynskjer å tilpassa bustaden sin, slik at dei framleis kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne.

Tildeling vert gjort etter ei økonomisk behovsprøving, og tilpassinga må vera hensiktsmessig. I større tilpassings/ombyggingssaker skal ergoterapeut si vurdering/tilråding av valgt løysing leggjast ved søknaden.

Størrelsen på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar. Tildeling av tilskot vil vera avhengig av at det er disponible kommunale tilskotsmidlar.

Søknader frå personar som har eit føreliggjande behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne skal prioriterast først. Det skal i vurderinga leggjast vekt på økonomien til husstanden. Legeerklæring og/eller uttale frå ergoterapeut skal vedleggjast søknaden

 

Prioriteringar:

  1. Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov.
  2. Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
  3. Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
  4. Husstandar som ynskjer å tilrettelegge for framtidig behov

 

For utfyllande informasjon – sjå:
Retningsliner for bustadtilskot til tilpassing, utgreiing og prosjektering til enkeltpersonar i Ullensvang kommune.

 

Slik søkjer du

Du må søkje elektronisk via husbanken.no. Du brukar samme søknadsportal som for startlån.
Søknad om bustadtilskot til etablering og/eller tilpassing: www.husbanken.no/startlaan/

 

Vedlegg som du skal sende inn elektronisk saman med søknaden

  • Skattemelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Dokumentasjon på evt gjeld
  • Stadfesting av evt annan finansiering/eigenkapital – evt avslag på lån
  • Kopi av gyldig legitimasjon
  • Evt takst/verdivurdering av bustad

 

Sakshandsamingstid

Kommunen vil handsame søknaden så snart som mogleg. Dersom me har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Klagerett

Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.

 

Ta gjerne kontakt dersom du treng meir informasjon og/eller hjelp til å søkje:

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

468 76 641

Kjellrun Tveisme

Bustadkontoret

kjellrun.tveisme@ullensvang.kommune.no

468 76 641 / 947 84 165

Monika Børsheim

Bustadkontoret

monika.borsheim@ullensvang.kommune.no

468 76 641 / 482 75 497