Pårørande

Er nokon du står nær blitt ramma av alvorleg sjukdom? Har de fått vite at de ventar eit barn med funksjonsnedsettingar? Har ektefellen din fått diagnosen demens? 

Dei aller fleste av oss vil oppleve å verte pårørande - nokon i korte periodar og andre i store delar av livet. Som pårørande spelar du ei viktig rolle som bidragsytar og støttespelar, og Ullensvang kommune ønskjer eit godt samarbeid med deg. Her finn du informasjon om dine rettar, tilgjengelege tenester, og korleis du kan få støtte til å meistre eigen situasjon og gjere kvardagen din enklare.

Gode råd til deg som pårørande

Kven er pårørande?

Det blir skilt mellom pårørande og næraste pårørande. Ein pasient eller brukar kan ha mange pårørande, men ikkje alle har dei same rettane, sjølv om fleire bidreg på ulike måtar. Omgrepet «næraste pårørande» blir brukt om den som har rett til informasjon om pasienten si helsetilstand, helsehjelp, journalinnsyn osv. Pasienten/brukaren må samtykke til deling av informasjon, og bestemmer sjølv kven som er definert som næraste pårørande.