KreftkoordinatorEr du eller nokon i familien din ramma av kreft? Kreftkoordinatoren i kommunen gjev råd, støtte og hjelper dykk med å finna rett hjelp, slik at kvardagen blir best mogleg. Sist endra 18.11.2026 09:28 Kva er dette?Kreftkoordinatoren er ein kontaktperson og støttespelar for deg som har kreft og dei som står deg nær. Koordinatoren har oversikt over tilbod i kreftomsorga, og hjelper med å samordna hjelpa de får.Du kan mellom anna få:hjelp til å leggja til rette og samordna kvardagen for deg og familieninformasjon om tenester, rettar og tilbod både lokalt og regionaltråd og rettleiing om sjukdommen, behandlinga og opptreninga (rehabilitering)ein samtalepartnar når du treng nokon å snakka medKreftkoordinatoren samarbeider med andre tenester både medan du er sjuk og etter at behandlinga er ferdig.Kven kan få det?Du kan få hjelp om du:har krefter pårørande til ein person med kreft, og treng støtte, rettleiing eller informasjonInformasjon frå Helsenorge:Pakkeforløp kreftPakkeforløp heim for kreftpasientenDøden - HelseNorgeSlik tek du kontaktDette er eit lågterskeltilbod, noko som betyr at du ikkje treng tilvising frå lege eller sjukehus for å ta kontakt. Det er ingen frist, du tek kontakt når du har behov for det.Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon, SMS eller e-post.De avtalar ei tid for ein prat.Kva kostar det?Tenesta er heilt gratis.Kva skjer etter at du har teke kontakt?Når du tek kontakt, vurderer kreftkoordinatoren kva behov du har. Du får tilbod om oppfølging og rettleiing, og viss det trengst, hjelper koordinatoren deg vidare til andre relevante tenester.KontaktHar du spørsmål, eller vil du avtala ei tid for ein samtale? Ta kontakt med kreftkoordinatoren vår. Laster... Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.