Få hjelp og rettleiing frå demenskoordinatorHar du eller nokon i familien din byrja å gløyma, eller har de allereie fått ein demensdiagnose? Då kan de få gratis råd, støtte og rettleiing frå demenskoordinatoren i kommunen. Sist endra 18.11.2026 09:13 Kva er dette?Demenskoordinatoren er kontaktpersonen din i kommunen, og hjelper deg og familien din med å finna fram til rett hjelp i kvardagen. Du kan mellom anna få hjelp til å:kartleggja kva hjelp du treng, og finna nyttige hjelpemiddelfå ei demensutgreiing (dette gjer vi i samarbeid med fastlegen din og hukommelsesteamet)samordna tenestene du får frå kommunen og sjukehusetfå informasjon om tilbod, kurs og pårørandeskulefå nokon å snakka med gjennom individuelle samtalar Kva er demens?Demens er ei fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til at minnet, handlingsevna og språket sviktar. Det kan òg føra til at du endrar personlegdom og åtferd. Problema kan vera samansette og påverka deg både praktisk, fysisk, psykisk og sosialt. Det er viktig å få stilt ein diagnose tidleg, uansett om symptoma kjem av demens eller ein annan sjukdom.Kven kan få det?Du kan få hjelp viss du:mistenkjer at du har ein demenssjukdom og treng ei utgreiingallereie har ein demensdiagnose og treng oppfølginger pårørande eller ven av ein person med demens, og treng støtte og rettleiingSlik tek du kontaktDu treng ikkje eit formelt vedtak for å ta kontakt med oss. Både du som treng hjelp, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt. Viss du ønskjer det, kan du òg be fastlegen din om å ta kontakt på vegner av deg.Kva kostar det?Tenesta er heilt gratis.KontaktHar du ei bekymring for deg sjølv eller andre, og ønskjer å snakka med oss? Ta kontakt med demenskoordinatoren vår. Laster... Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere. Nyttige lenkjer Nasjonslforeningen for folkehelse – temaside om demensAldring og helse – Nasjonalt senterNHI.no – Ulike demensformerHelsenorge – råd og tips til pårørandeHelse- og omsorgsdepartementet – Demensplan 2025Aktuelle loverHelse- og omsorgstjenesteloven kap. 3Lov om HelsepersonellLov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a og kap. 7Forskrift om fastlegeordning i kommunane § 19Veiviser demens lovverk