Kinsarvik skule
Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomskule med elevar frå 1. til 10. klasse. Den ligg fint til sentralt i Kinsarvik med gode uteområde kring skulen. Elevane på ungdomsskulen kjem frå austsida av Sørfjorden. Ved skulestart er det 179 elevar ved skulen.
På Kinsarvik skule har me elevar som kjem frå mange ulike land, så me har eit stort mangfald hjå oss. Det er mange elevar som har norsk som andrespråk.
Kontakt oss
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.