Korona

Ullensvang kommune tek situasjonen med koronaviruset (Covid-19) svært alvorleg. Her finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon frå kommunen.

Ullensvang kommune sin koronatelefon:

  • 941 34 126 – kvardagar kl. 09:00-12:00

 

Nasjonale anbefalingar og konkrete råd om koronaviruset finn du på fhi.no og helsenorge.no.

Informasjonstelefon for publikum:

  • 815 55 015
Koronavirus infkesjons virus i orange fargar. Foto.

Pressemelding – 20. oktober 2020

20. 10. 2020 Les meir

Pressemelding, 15. oktober

15. 10. 2020 Les meir

Pressemelding – Korona 13. oktober 2020

13. 10. 2020 Les meir

Testing, symptom og legehjelp ved koronavirus

07. 09. 2020 Les meir

Kva tid skal du vera heime frå barnehage/skule/arbeid og testast for covid-19?

16. 09. 2020 Les meir

Reiseråd

10. 09. 2020 Les meir

Besøk ved sjukeheimar i kommunen

29. 05. 2020 Les meir

Registrering av helsepersonell

15. 03. 2020 Les meir

Information in other languages

16. 04. 2020 Les meir

Næringsliv

Mange bedrifter opplever no ei veldig utfordrande tid

Her er nokre viktige vurderingar bedrifta bør gjera:

Sjekk likviditeten
Kor mykje er på konto, og kor lenge kan du halda drifta i gang?

Kontakt banken din
Kan noko gjerast med ei eventuell lånesituasjon? Drøft aktuelle løysingar, til dømes avdragsfridom.

Kontroller andre faste kostnader
Kan noko kuttast i dagens situasjon? Er det mogleg å be om utsetjing eller reduksjon på leigeforhold, leasing, abonnement osb?

Kontakt leverandørane dine
Forklar situasjonen din og drøft moglegheiter innanfor likviditeten din.

Snakk med kundane dine
Ta ein gjennomgang av kundeforholda dine, kan nokre oppdrag utsetjast i staden for å kansellerast?

Vurder nye måtar å gjera ting på
Kan du samarbeida med andre bedrifter om til dømes utkjøring/heimkøyring av varer? Har du varer/tenester som kan leverast eller blir seld over nett? Finnes det andre alternativ?

Vurder permisjon
Kva er behovet for arbeidsinnsats? Kor mange av dei tilsette kan du permittera?
Vurder òg permisjon med tanke på å behalda kompetanse og arbeidskraft når oppturen etter korona-krisa kjem.

 

Sørg for å halda deg oppdatert på det som skjer. Det blir fortløpande gjort vedtak hjå styresmaktene og det er viktig at bedrifta og dei tilsette følgjer dei retningslinene som til kvar tid gjeld.

#korona #covid-19 #covid #Corona-19 #koronavirus