Omsorgstenesta i Jondal

Opningstider administrasjon: 08:00 – 14:00 (kvardagar).

 

 

Om verksemda

Omsorgstenesta i Jondal er ei samordna teneste med drift av sjukeheim med kjøken, heimebaserte tenester og praktisk bistand. Alle tenestene har base på Vikevollen, og dei som arbeider her kan få oppgåver både på institusjon og i heimebaserte tenester alt etter kvar det er bruk for den enkelte sin kompetanse.

Vikevollen sjukeheim har 22 plassar fordelt på 3 avdelingar inkludert eit heilt nytt rom for lindrande behandling. Det er og eit bukollektiv på Vikevollen med 9 plassar, dei som bur der er heimebuande og får sine tenester frå heimesjukepleien. Heimebaserte tenester har ikkje drift på natt.

 

Aktivitetar

Det er kvar veke ulike aktivitetar som pasientane som bur på Vikevollen kan delta på, det kan vere songstund, trim, sykling med filma ruter frå nærmiljøet, salgstralle, andakt og kaffistunder arrangert av frivillige. I hagen utanfor Vikevollen har me epletre, snekkerbod og bålpanne.

Me har samarbeid med skule, barnehage og kulturskule der borna kjem innom i ulike høve med song og andre aktivitetar.

Vikevollen ligg fint til i Jondal sentrum med tilrettelagde stiar i nærområdet. Desse kan ein og nytta dersom ein sit i rullestol.

 

Godt tilpassa tenester

Me er opptekne av at dei som har trong for tenester skal få dei så godt tilpassa kvar enkelt som mogleg. Anten det er på institusjon eller i heimen. Me har godt samarbeid med fysioterapi tenesta og kort veg til legetenesta.

Vikevollen sjukeheim. Foto.

Kontakt oss

Omsorgstenesta Jondal

Besøk oss: Nordbøen 2

5627 Jondal

53 67 53 00 / 906 45 181 (Vakttelefon)

Silje Elise Selsvik

Verksemdsleiar: Omsorgstenesta i Jondal

silje.selsvik@ullensvang.kommune.no

907 88 626