Ungdommer

Ungdomskontakt

Ungdomskontakt/-los jobbar med ungdom i aldersgruppa 13-21 år og vil blant anna vera til stade i fellesareal på skulen og kan treffast for samtale i skuletida.

Kanskje er du berre litt selskapssjuk i eit friminutt, kanskje uroar du deg for noko, eller kanskje er det noko du treng å prate med ein vaksen om. Ikkje noko er for lite eller for stort. Andrea kan kontaktast andlet til andlet, eller om det er enklare; pr sms eller e-post.

 

Ynskjer du kontakt?

Andrea Djønne

Ungdomskontakt/-los

andrea.djonne@ullensvang.kommune.no

916 97 013

 

Ungdomskontakt/-los er sosionom, og har utdanning i å vera i ungdomsmiljø og jobba forebyggande for at alle skal ha det bra. Ho kan mellom anna rettleia og motivera i saker som gjeld psykisk helse, skolen og skolevegring, samt ting som har hendt utanom skoletid. Ho kan òg kontaktast for hjelp med å gjere overgangen frå ungdomsskule til vidaregåandeskule til ei god oppleving for dei som uroar seg.

Ein ungdomskontakt/-los har ungdomen si sjølvkjensle og meistring i fokus og har kjennskap til kvar ein kan få hjelp dersom det er større utfordringar innanfor psykisk helse som treng oppfølging. Føresette kan også venda seg til ungdomskontakt/-los.

Fokuset skal vera på ungdomar som treng ei ekstra støtte i kvardagen og som har samansette utfordringar. Målet er at ein skal kunne møte den enkelte ungdom på deira behov og hjelpe dei til å ta gode val for seg sjølv.

Ungdomskontakten skal ha eit tett samarbeid med tenestene rundt ungdomen og kan vere eit bindeledd i oppfylgingsarbeid som krev ekstra innsats. Ungdomskontakten skal vere fleksibel i møte med ungdomen og tek gjerne turen ut av kontoret og heim til deg, eller om det er ein annan plass du ynskjer å møtast.

Ungdomskontakten har teieplikt. Det vil sei at det du fortel til ho, fortel ikkje ho vidare. Har du eit problem ein tenkjer er veldig alvorleg, vil ein drøfte det med deg og kanskje ein treng å få hjelp av andre.

 

Du kan ta kontakt med Ungdomskontakten dersom:

  • Du ynskjer nokon å prate med
  • Du har spørsmål du lurar på i høve rus
  • Du har psykiske utfordringar
  • Du synest det er vanskeleg å gå på skulen, og vert ofte heime (skulevegring)
  • Du er pårørande og bekymra
  • Du er bekymra for ein ven
  • Du arbeider i systemet og veit om ein ungdom som kan trenge ei ekstra støtte

 

Årlege arrangement

FjordaLAN

Fyrste helga i haustferien vil det i tradisjons tru verte arrangert FjordaLAN i fjordahallen i Kinsarvik. Dette er eit rusfritt arrangement der ungdommar frå 8. klasse og oppover samlast for å spele, vere sosiale saman og delta på aktivitetane som vert arrangert gjennom helga.

Dette er eit rusfritt arrangement i regi av kommunen der ungdomskontakt har ansvaret. Kinsarvik breiband er næraste samarbeidspart.

 

16. mai i Huseskogen i Kinsarvik

Er eit av våren sine høgdepunkt for mange ungdomar. Dette er eit rusfritt arrangement der ungdomane frå Hardangerkommunane; Ullensvang, Voss, Ulvik og Eidfjord samlast og byggjer samhald og venskap på tvers av kommunane.

Aarrangementa er eit tilbod til ungdom i Hardangerkommunane frå 8.trinn og oppover.

Ungdomane kjem til eit arrangement der dei kan vandra mellom dei ulike aktivitetane. I 2019 kunne ungdomane velja mellom go-kart, paintball, sumobryting, trampolinetårn, skumparty, promillebriller, hinderløype, wipeout baller, klatring, bruskasseklatring, bråstopp med meir.

Deltakarane får servert gratis grillmat og vatn gjennom heile kvelden.

 

Ungdomsklubb

Ungdomsklubb er eit tilbod og samlingpunkt retta mot spesielt for dei ungdomane som ikkje driv med idrett. Her kan dei ta opp ulike temaer styrt av ungdomen sjølve. Dei etablerar sine eigne styrer, og vert rettleia av ungdomskontakten. Oppstart av ungdomsklubb i kommunen vert truleg til hausten, eller etter ny informasjon kring koronaepidemien.

 

16. mai 2017 - Foto: Åsmund Årvik