Folgefonna nasjonalpark

Tiltak i verneområda

Fullstendig byggjesøknad sender du til kommunen.

Søknadsprosess

Søknaden må handsamast etter både vernereglane for området og etter plan- og bygningslova. Fylkesmannen i Vestland eller Tilsynsutvalet for Hardangervidda fattar vedtak etter vernereglane.

Når kommunen har motteke søknaden, vil me senda den vidare til fylkeskommunen, aktuell Villreinnemnd, Fylkesmannen og Tilsynsutvalet for Hardangervidda dersom søknaden gjeld Hardangervidda Nasjonalpark. Partane skal uttala seg til saka eller fatta vedtak etter vernereglane. Statskog får tilsendt søknaden der det er naudsynt.

Når vedtak er fatta etter vernereglane, skal kommunen handsama saka og fatta vedtak etter plan- og bygningslova.

Handsamingstid

Me gjer merksam på at byggjesaker for tiltak i verneområda tek lengre tid å handsama enn andre byggjesaker. Dei skal handsamast etter to regelverk, og vanlegvis skal det gjennomførast synfaring. Synfaring kan berre skje når området er snøfritt.