1Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Startlån bustad

Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån kan tildelast personar med langvarige finansieringsproblem slik at dei kan skaffe seg ein eigna bustad og til refinansiering for å behalde den bustaden du har. Startlån er behovsprøvd, søkjar må ha evne til å nedbetale lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.

Du kan søkje om startlån og bustadtilskot dersom du fyller vilkåra under

(vilkåra er henta frå Forskrift om lån frå Husbanken, Kapittel 5. Startlån)

 

Barnefamiliar:

  • Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad.
  • Du har barn, og har behov for å sikra ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Du har barn, og har problem med å dekka buutgiftene dine, og refinansiering med startlån kan hjelpa til at familien din kan verta buande i bustaden.

Mottek trygd/offentlege ytingar:

  • Du har låg, stabil og sikker inntekt, men får ikkje tilstrekkeleg lån i ordinær bank
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betala på eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.

Bustadlåntakarar med gjeldsproblem:

  • Du har gjeld knytt til bustad og anna gjeld med høg rente og står i fare for å mista bustaden ved tvangsalg.
  • Du klarar ikkje å betale den gjelda du har no, men kan dekke utgiftene og behalda bustaden din dersom låna vert refinansiert med startlån.

Andre:

  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar ein eigna bustad og har behov for å sikra ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne oppretthalde arbeidsforholdet ditt
  • Du bur i ein kommunal utleigebustad

 

Ungdom i etableringsfasen er iflg forskrifta dessverre ikkje lenger i målgruppa dersom dei ikkje i tillegg fyller vilkåra som er lista opp over her. Ta gjerne kontakt for ein samtale dersom du er i tvil om du fyller vilkåra.

 

Startlån kan tildelast til

A. Kjøp av bustad
B. Utbetring og tilpassing av bustad
C. Oppføring av ny bustad
D. Refinansiering av dyre lån dersom det bidreg til at husstanden kan verta buande i bustaden

 

Rente og avdragsvilkår

Startlån frå kommunen vert tildelt med rente- og avdragsvilkåra i Husbanken med eit rentepåslag på 0,25% til kommunen. Lindorff AS er Ullensvang kommune sin låneadministrator.

 

Sikkerheit

Startlånet skal sikrast med tinglyst pant innanfor takst/marknadsverdi i aktuell eigedom. Ved fullfinansiering skal startlånet ha 1. prioritet, ved evt delfinansiering skal startlånet ha 2. prioritet.

 

Utfyllande informasjon finn du her:

 

Slik søkjer du

Du må søkje elektronisk via husbanken.no:

Vedlegg som du skal sende inn elektronisk saman med søknaden

  • Skattemelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Dokumentasjon på evt gjeld
  • Stadfesting av evt annan finansiering/eigenkapital – evt avslag på lån
  • Kopi av gyldig legitimasjon
  • Evt takst/verdivurdering av bustad

 

Sakshandsamingstid

Kommunen vil handsame søknaden så snart som mogleg. Dersom me har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Klagerett

Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.

 

Ta gjerne kontakt dersom du treng meir informasjon og/eller hjelp til å søkje:

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

468 76 641

Kjellrun Tveisme

Bustadkontoret

kjellrun.tveisme@ullensvang.kommune.no

468 76 641 / 947 84 165

Monika Børsheim

Bustadkontoret

monika.borsheim@ullensvang.kommune.no

468 76 641 / 482 75 497

Anne Hansen

Bustadkontoret

anne.hansen@ullensvang.kommune.no

468 76 641 / 468 94 058