Spørsmål om helse- og omsorgstenester
Tildelingskontoret skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.
Rettleiing
Har du spørsmål om tenester? Treng du hjelp til søknadsskjema? Ynskjer du å levera ein klage? Vi på tildelingskontoret er her for å hjelpa deg. Kontakt oss for rettleiing på telefon eller for å avtala eit møte (på rådhuset i Odda). Du må gjera avtale for fysisk oppmøte.
Søknadar i papirformat kan sendast per post eller leverast til eit av innbyggjartorga våre. Adressa finn du på kontaktkortet til Tildelingskontoret.
Kontakt oss
Vi har telefontid måndag til fredag frå kl 12:00 – 14:00.