Friluftsrådenes Landsforbund har saman med FFO, Gjensidigestiftelsen og ei rekkje andre organisasjonar lansert "Turen stopper her". Dette er ei nasjonal kartlegging som inviterer alle til gjera ei kartlegging av fysiske barrierar i nærnaturen.
Kvart registrerte punkt i kartet er med på å teikna eit heilskapleg bilde av kvar i Noreg nærnaturen er stengt. Du kan legga inn punkt på nettsida turenstopperher.org.
Datasettet skal brukast i dialog med beslutningstakarar på alle forvaltingsnivå - lokalt, regionalt og nasjonalt.
Sjekk bilda under for å sjå korleis du kan registrera plassar der turen vert stoppa.