Illustrasjon av checkliste med to blyanter og kvit bakgrunn.

Søka helse- og omsorgstenester

Tildelingskontoret i Ullensvang kommune skal sikra lik tilgang på helse- og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Helse og omsorgstjenesteloven §2-2
Pasient – og brukerrettighetsloven §2-7
Forvaltningsloven kap V

Søknaden vert handsama konfidensielt i tråd med

Offentlegsheitlova § 13: Opplysningar som er underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnateken frå innsyn

Forvaltningslova § 13: Einkvar som utfører tenester eller arbeid for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindra at andre får adgang eller kjennskap til det han får vita i høve til tenesten eller arbeidet.

Sakshandsaming

Ved behov for helse-og omsorgstenester, søkjer ein om dette digitalt på nettsida til kommunen. Ein kan og få søknadsskjema i papirform frå helse- og omsorgstenesta eller eit av innbyggjartorga.

 

  • Søknad om helse- og omsorgstenester skal handsamast etter aktuelle og til ei kvar tid gjeldande lover, reglar, forskrifter, politiske føringar og i samarbeid med søkar.
  • Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen.
  • Søkjar skildrar sitt behov for kommunale tenester.
  • Søknad må vera signert av søkjar, eventuelt med fullmakt frå søkjar dersom andre søkjer på vegne av ein.
  • Søknadar vert handsama konfidensielt og er omfatta av teieplikta. Journal vert oppretta for nye brukarar.

 

Søkjar vert kontakta for kartleggingssamtale seinast tre veker etter motteken signert søknad.

Ved behov for nødvendig helsehjelp etter utskrivning frå sjukehus eller pga akutte situasjonar i heimen, vil ein fatte vedtak på tenester ut frå det meldte behovet. Kartlegging av funksjon vert gjort undervegs eller i ettertid.

Nokre gonger vil ein få eit foreløpig svar på søknaden, og vedtak  vert fatta innan ei oppgitt tidsfrist. Då er det ikkje alltid klart kva tenestetilbod som er det rette, og det er behov for lengre observasjonstid før ein kjem fram til eit endeleg vedtak.

Dersom det er tenester det er knappheit på som t.d omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, vil ein verta sett på ei søkjarliste.

Tenestemottakar skal i møte med helse- og omsorgstenesta få god informasjon om tenesta, rettar og plikter, samt god service prega av ei tillitsvekkande framferd og imøtekomande personell.

 

IPLOS - kartlegging

Det vert gjennomført IPLOS – kartlegging i samarbeid med søkar/pårørande.

IPLOS er eit nasjonalt kartleggingssystem. Opplysningar blir innhenta med ein standard utvikla av sosial-og helsedirektoratet. Standarden består av systematisert og nødvendig informasjon om din situasjon og helsetilstand. IPLOS blir nytta av kommunen og statlege myndigheiter til styring og planlegging av kommunale tenester. Kommunane rapporterer årlig til IPLOS registeret.

Alle personopplysninger er fjerna jf. personvern.

 

Samtykke

Dersom søkar ikkje har samtykkekompetanse, må det ligga føre dokumentasjon på dette. Søkar sin næraste pårørande har rett til å medverka saman med søkar når dokumentasjon på manglande samtykkekompetanse er framlagt.

 

Vedtak

Vedtak vert evaluert jamleg, minimum ein gong i året. Ved endring i hjelpebehov skal mottakar gje melding til tenesta.

 

Alle søknadar skal sendast til:

Tildelingskontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

tildelingskontor@ullensvang.kommune.no

53 65 47 16