Rosa sparegris med mynter i stabler ved siden av.

Søk om redusert foreldrebetaling i SFO for elevar 1. og 2. trinn

Frå 1. august 2020 vart det innført lov om rett til redusert foreldrebetaling for elevar i 1. og 2. klasse i SFO for hushald med låg inntekt

I forskrift til Opplæringslova:

“§ 1B-1.Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:
a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.” (Lovdata)

 

Informasjon før du søkjer

  • Før du kan søkja om redusert betaling, må barnet ditt ha fått innvilga plass i SFO. Det er derfor viktig å melda på barnet tidleg, slik at barnet er registrert.
  • Du må betala full pris for SFO-plassen(e) fram til søknaden er godkjent. Dersom du får innvilga redusert betaling, vil den gjelde frå månaden etter at søknaden vart innvilga. For å kunna få innvilga redusert betaling frå 1. august må du ha søkt seinast 31. juli, og du må ha sendt inn all nødvendig dokumentasjon. Viss du ikkje har sendt inn dokumentasjonen i tide blir søknaden avslått, og du må søkja på nytt.
  • Vert søknaden din godkjent, gjeld vedtaket ut skuleåret. Du må søka på nytt igjen før nytt skuleår byrjar. Dersom inntekta i hushaldet vert endra i vesentleg grad gjennom året, må du gje beskjed. Du må då senda inn oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta

 

Definisjon på hushald

Eit hushald er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar. Sambuarar er to ugifte personar over 18 år, som har felles barn eller har budd saman i eit ekteskapslignende forhold, i minst 12 av dei siste 18 månadene. Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betalinga bli rekna ut frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

 

Slik søkjer du

Logg inn i føresettportalen for skule; Visma Flyt Skole

Vel aktuell elev og klikk på Søknader, finn Søknad om redusert foreldrebetaling.