SFO – Vikebygd skule

SFO er et omsorgs- og fritidstilbod utenom den obligatoriske skuledagen for barn frå 1. til 4. trinn. Innhald og verksemd skal vera prega av barn si trong for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er for øvrig i samsvar med Opplæringslova.

Opningstid

  • kl. 07.00 – 16.00 (må. – fr.)
    • Dette gjeld også dager med skulefri som ferier, men opningstidene kan variera i feriar. Unntaket er fem planleggingsdagar i skuleåret og 6 veker i juli og august.
  • SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
  • Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00

Minner om at opningstidene må overhaldast.

 

Kontakt oss

SFO - Vikebygd skule

53 66 21 92 / 950 00 235

Vikebygd skule

Nåvegen 12

5776 Nå

53 66 21 92 / 475 16 301

ullensvangskulen.no

Skulen sin rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for SFO. Dei tilsette syter for den daglege drifta. For tida er det fire tilsette, fordelt på 2,7 årsverk. Dette skuleåret er 16 barn påmeld SFO.

Den gode skulefritidsordninga er ei skulefritidsordning der barna får høve til å utvikle ein basiskompetanse gjennom leik og læring i eit sosialt samspel med barn og vaksne. Ei god skulefritidsordning gir barna fridom til å kunne styre sin eigen kvardag innanfor grenser dei kan meistra i høve til alder og utvikling. Den gode skulefritidsordninga har ikkje eit program som er fasttømra, men er fleksibel i sin bruk av planane og opnar for leik, venskap, gode opplevingar, humor og glede!

Skulen har VFS (Visma FLYT Skole) som skal nyttast til meldingar om fråvær/hentetid for barn med SFO-plass. Dette skal gjerast i det som vert kalla “SFO tilstedeværelse”. Heimane får eigen ranselpost om dette like etter skulestart

Foreldre må hugse å gje melding dersom:

  • barnet er sjukt (er melding gjeve til skulen, treng ein ikkje gje ekstra melding til SFO)
  • skal gå rett heim etter skulen
  • skal bli med vener heim frå SFO
  • skal gå heim til annan avtalt tid

Det er fint om de alltid melder frå dersom barn som er påmeldt i skuleferiar, likevel skal ha fri ein eller fleire dagar. Meld også frå dersom ditt barn ikkje kjem til morgon SFO, gjerne dagen før eller så snart de veit kva dagar barnet ikkje kjem.

I SFO-tida vil vi bruke mykje av aktivitetstida inne og ute. Det kan medføra at barna blir skitne og våte. Det er derfor viktig at alle barna har bytekle. Desse vert oppbevart i merka hyller eller korger.

NB! Hugs å merka klede og sko.

Klede vi ikkje finn eigar til vil bli kasta eller levert Fretex etter endt skuleår.

Barna får knaggar til disposisjon. Her skal ein henga skulesekk og ytterklede. I tillegg har dei ein knagg der regnklede og vinterklede skal henga.

Klesbyte må sjekkast med jamne mellomrom. Kjem det skitne eller våte klede heim, må det koma nye klede dagen etter.

HUGS at barna må ha eit par innekso til bruk på SFO/skule.

På SFO ettermiddag et vi frå kl. 13.30.

Kvar tysdag er det matdag på SFO. Det kan vera suppe, pastarettar, gryn, smøremat eller anna. Mattilbodet kvar tysdag kostar kr. 100,- som kjem i lag med SFO rekninga kvar månad.

Ynskjer ein samtale med oss på SFO er det berre å ta kontakt for å gjera ein avtale.

Vi kan treffast mellom kl. 07.00-08.00 og kl. 13.00-16.00 kvardagar. Telefonnummer – sjå kontaktkort øvst på sida.

Artikler