SFO – Odda barneskole
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.
Opningstid
- Kl. 06.45 – 16.30 kvardagar
- SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
- Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00
Omsorg og tryggleik skaper trivsel
Leiken står i sentrum i det daglege arbeidet vårt. Målsetjinga vår er å skapa ein aktiv og levande SFO, med tilbod til alle barn uansett interesse. Dei som ønsker det kan delta på ulike aktivitetar. Innhaldet i aktivitetane varierer gjennom året: dans, song, drama, aktivitetar i gymsal, forming, quiz, bingo og liknande. På alle aktivitetane vektlegg vi glede, egenaktivitet og kreativitet.
På skulefrie dagar reiser vi på utflukter og bruker nærmiljøet.
Kontakt oss
SFO - Odda barneskole
Base 1: 468 20 328
Base 2: 46 80 41 15
Leiar SFO: 47 02 32 58