Renovasjonsabonnement

Vår tanke er at det skal løne seg å tenkje miljø, dvs. produsere minst mogeleg avfall. Avfallsmengda varierar etter tal på medlemer i husstanden, men vi finn også store skilnader mellom relativt sett like hushald.

Endring av abonnement

For endring av abonnement eller søknad om fritak frå renovasjonsgebyr skal skjema under nyttast.

Avfall som ikkje har henteordning

Lever til returpunkt eller på miljøstasjonane:

  • EE-avfall (elektrisk- og elektronisk avfall) kan leverast på miljøstasjonane eller til forhandlar.
  • Større gjenstandar, avfall frå bygge- og riveprosjekt, samt farleg avfall må leverast til miljøstasjonen.
  • Hytteeigarar må levera vanleg hushaldsavfall i hyttecontainarar.

 

Har du spørsmål?

Ullensvang renovasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

48 27 87 33

u-ren.no