Parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringsløyve for forflytningshemma blir gitt i form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar. Korta gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med framsida godt synleg.

Kven kan søkja

Bilførar eller passasjer som:

  • Har store vanskar med å bevega deg over ei viss lengde.
  • Har eit særskilt behov for parkeringslettelse på eit eller flere konkrete stader, kor det ikkje kan nyttast vanleg parkeringsplasser. F.eks ved bustad, arbeidsplass, lege, sjukehus eller liknande.

Forflytningshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovedregel køyrast til bestemmelsesstaden, og ev. følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Du kan dermed kun tildelast parkeringsbevis som passasjer, når du ikkje kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid. (Dette gjelder f.eks. når søkjaren er sterkt psykisk utviklingshemma, barn frå ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.)

 

Om tildelinga

  • Søknaden vert behandla av representant frå kommune og medisinsk sakkyndige.
  • Tildelinga skjer etter ei streng og skjønnsmessig vurdering, der dei som har størst behov vert prioritert. Parkeringsløyve vert fyrst og fremst tildelt dei som i tillegg til sterkt nedsatt gangevne, har store problem med å finna parkeringsplass ved bustad eller arbeid og/eller dei som ofte er til behandling på sjukehus, fysio eller liknande.
  • Legeerklæringa er kun det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må og kunne dokumentera at du har eit særskilt behov for parkeringslette.
  • Om dine behov kun er avgrensa til handling eller sosial aktivitet, vil du ikkje få tildelt parkeringsbevis.

 

Søkja

Vi gjer spesielt merksam på at sak ikkje blir handsama før vi har motteke både søknadsskjema, legeerklæring og bilete. Manglende dokumentasjon kan føra til avslag på søknad.

 

Spørsmål kan rettast til innbyggjartorget

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no