Opedal skule verdiarbeid

Opedal skule sin visjon er “Trivsel og læring for alle”. Visjonen vår byggjer på fire kjerneverdiar som skal sikra at alle arbeider for trivsel og læring.

Dei fire kjerneverdiane våre er:

  1. På Opedal skule har me eit positivt læringsmiljø
  2. Me er på skulen for å læra
  3. På Opedal skule skal alle oppleva å meistra kvar dag
  4. På Opedal skule kjenner me til og nyttar nærmiljøet

Kjerneverdiane våre skal dra alle i same retning og gje eit felles pedagogisk grunnlag for læring ved skulen. Verdiane er utarbeida av elevar, tilsette og foreldre ved skulen.

 

Slik arbeidar vi med verdiane

Elevane arbeider med verdiane gjennom heile året. I perioden august til november har me ekstra fokus på kjerneverdien som omhandlar det positive læringsmiljøet. Frå desember til februar arbeider me mykje med kjerneverdien som omhandlar læring. Frå februar og utover våren arbeider me ekstra med verdien som omhandlar meistring og nærmiljøet. Klassane skal gjennom dette arbeidet få ei forståing av kva verdiane betyr for klassen og den einskilde. Vidare skal det og vera forpliktande for alle å retta seg etter verdiane på skulen.

 

DØME:

På skulen har me eit positivt læringsmiljø

For 2. – 3. klasse tyder dette:

  • At eg må ha det godt inni meg.
  • At eg har gode venner.
  • At eg er positiv sjøv.
  • At eg er utkvild, mett og god når eg kjem på skulen.
  • At eg høyrer på foreldra mine om morgonen, slik at eg ikkje er lei meg når eg kjem på skulen.
  • At eg høyrer på læraren og andre vaksne.
Illustrasjon av barn som står i sirkel og held hender. Illustrasjon.