Miljøretta helsevern
Miljøretta helsevern er ein del av kommunen sitt førebyggande helsearbeid. Vi er opptatt av å redusera negative verknader i miljøet som påverkar folk si helse og ta vare på dei miljøkvalitetane som bidrar positivt til å fremja helsa og livskvalitet til innbyggarane.
Arbeidet med Miljørettet helsevern omfattar alle faktorar som direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa til mennesker. Desse omfattar mellom anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Arbeidet består av mellom anna godkjenning, tilsyn, råd og rettleiing.
Miljørettet helsevern arbeider med alle sektorar i samfunnet som har innverknad på folkehelsa.