Om legetenesta

Fastlegane i Ullensvang kommune er lokalisert på fem ulike kontor. Me yt legehjelp til alle kommunen sine innbyggjarar, samt til alle som mellombels oppheld seg i kommunen.

Kva tilbyr me?

Kommunen har 16 fastlegar og 3 LIS1 (turnuslege) fordelt på Jondal legekontor, Lofthus legekontor, Odda legesenter, Røldal legekontor og Utne legekontor.

På helsenorge.no kan du lesa Om fastlegeordninga og Bytte av fastlege.

 

Telefonnummer og opningstid ved legekontora/-senteret:

 

Prisar

  • For barn under 16 år er tenesta gratis.
  • Vaksne må betala eigenandel etter statlege satsar.

Trur du at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringa medisinsk nødtelefon 113.

Ring legevakt når det hastar å få hjelp eller viss fastlege ikkje er tilgjengeleg.

Legevakt i Ullensvang kommune er stasjonert på Odda sjukehus.

Døgnope.

Kontakt oss

Therese Kolltveit

Verksemdsleiar: Legetenesta

therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no

915 66 097