Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Hovudplan park frå tidl. Odda kommune

Odda kommune starta våren 2016 arbeidet med to hovudplanar, ein for park- og idrett og ein for veg (Samferdsel), inndelt etter ansvarsområda / driftsområda som ligg under avdeling bydrift i kommunen:

  • Park
  • Veg (Prosjekt)

 

Med hovudplanar meiner ein her planar som femner om heile verksemdsområdet, omtalar status for anlegga og har forslag til tiltak, investeringsbehov og driftsressursar for arbeidet dei kommande åra.

Føremål

Hovudplanen for park skal handle om, og vise, alle parkanlegga i kommunen som parkavdelinga tek ansvaret for å vedlikehalde, i dag. Det omfattar fylgjande anlegg som alle er registrert i anleggsregisteret (omfattar ikkje turvegar):

  • Dei offentlege parkane i sentrum og leikeplassar knytt til skule og barnehagar, samt i bustadområde.
  • Friluftsområde som Hovden og Bjerknes.
  • Offentlege toalett på fylgjande stader: Båthamna, Hesjebakk, Korlevoll, Buerbreen, Byrkjenes badestrand, Tyssedal sentrum.
  • Grøntanlegg på parkeringsplassar i sentrum, som vert drifta av kommunen.
  • Torg og plassar, inkl. torghandel.
  • Gangvegar i sentrum, inkl. gangbru over Opo

 

Hovudplan for park- og idrett inneheld elles:

  • Mål for offentlege grøntareal og plassar i Odda.
  • Vurderingar, områdeanalysar, som svarar ut om innbyggjarane i Odda har god nok tilgang til grøntareal og plassar.
  • Registrering av område / anlegg, med synfaring og fotografering (Status pr. i dag).
  • Anleggsregister, med samla oversikt over alle anlegg / område, samt eit registreringsark pr. anlegg / område med hovudfakta. Registreringsarka skal kunne utvidast, av kommunen sjølv, med meir detaljert informasjon.
  • Kartfesting av anlegga med namn / nummer.
  • Eit faktaark for kvart anlegg / område, med bilete og kart, samt ei opplisting av hovudfakta (uttrekk frå anleggsregister).
  • Det skal gjerast framlegg til oppgradering / framtidig standard.
  • Kostnadsestimering av tiltak
  • Forslag til revidert investeringsbudsjett
  • Forslag til revidert driftsbudsjett, for akseptabel standard.
  • Forslag til finansieringskjelder/modellar
  • Forslag til søknadshandsaming for torghandlarar