Gruppe med ungdommer som har det morosamt og holder rundt kvarandre

HFU – Helsestasjon for ungdom 13 til 23 år

Helsestasjon for ungdom – HFU er eit gratis tilbod til jenter og gutar i alderen 13 – 23 år. Her treff du helsesjukepleiar og turnuslege – me er helsepersonell og har teieplikt.

  • Opningstid: Onsdagar kl. 14.30 – 16.45, også ope når skulen har ferie.
  • Stad: Helsestasjonen i Odda (Smelteverket 61, 5750 Odda)

Helsestasjon for ungdom (HFU) i Ullensvang har fått sin eigen Instagram konto. Følg oss på Instagram; helsestasjonforungdom, me legg ut informasjon til ungdom der.

HFU er for ungdom mellom 13 og 23 år . Det er inga timebestilling; du kan berre møta opp, ta med deg ein ven om du vil.

Ynskjer du å avtala tid før du kjem gjer du dette ved å senda melding til oss på mobil eller e-post.

Er du over 23 år må du ta kontakt med din fastlege.

Ved sjukdom må du kontakta fastlegen din.

  • Rettleiing om seksuell helse
  • Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
  • P-stav , innsetjing og fjerning
  • Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
  • Samtalar om psykisk helse
  • Samtalar om det ungdom ynskjer å snakke om

Sjekk? Snakk om det?

Test deg for seksuelt overførbare infeksjoner hos oss.

Urinprøve eller vaginaltest blir tatt tidlegast 14 dagar etter mogleg smitte/ubeskytta sex. Svaret kjem ca. 14 dagar etter at prøven er tatt. Alle som har behov for behandling blir ringd opp og får tima til lege.

Kontakt oss

Torbjørg Krogh Larsen

Verksemdsleiar

torbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no

911 40 736

Karin M. Eike

Helsesjukepleiar

karin.eike@ullensvang.kommune.no

975 58 437

Gunnbjørg Rosseland

Fagleiar skulehelsetenesta / HFU

gunnbjorg.rosseland@ullensvang.kommune.no

975 58 435

Therese Raaen Jaastad

Helsesjukepleiar

therese.jaastad@ullensvang.kommune.no

947 86 110