Hardanger Barnevern

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Om barnevernstenesta

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har dei frist på ei veke til å konkludera om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta konkludere med om undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak der barneverntenesta overtar omsorga i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, tar i mot frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan  bla vera foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim og økonomisk hjelp.

Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan og vera hjelpetiltak.

Les meir om ulike hjelpetiltak frå Hardanger barnevern her.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplever sin eigen situasjon.

 

Kontakt oss

Hardanger barnevern

Besøksadr: Meieriet , 3. etg, 5750 Odda

Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

Elin Rullestad Fossåen

Leiar

elin.fossaaen@ullensvang.kommune.no

975 58 510

Terje Solvi

Nestleiar

terje.solvi@ullensvang.kommune.no

975 58 511

Hardanger Barnevern - Akuttberedskap

97 55 85 10 / 97 55 85 11 (frå kl 15:00 til kl. 08:00)

Alarmtelefonen for barn og unge

116 111 (gratis)