Ung jente som er lei seg

Er du uroa for eit barn?

Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i vår kommune. Stundom oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

BTI, Betre Tverrfagleg Innsats, skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Informasjon til foreldre om BTI- Bedre Tverrfaglig Innsats

Vaksne kan vere ein avgjerande forskjell for barn og unge som har ekstra behov for hjelp og støtte.

Betre tverrfaglig innsats (BTI) skal auke bevisstheita hjå dei tilsette som arbeider med barn og unge i Ullensvang kommune. Nokon av desse barna eller ungdomene med foreldre har behov for ekstra oppmerksomheit og støtte i korte eller lengre perioder av livet. BTI skal sikre ein tidleg innsats og medansvar for desse borna. Modellen består av rutinar og prosedyrer– samt ulike verkty.

Det er viktig at dei tilsette handlar raskt, i samarbeid med den det gjeld og deira føresette. Dette gjeld mellom anna barnehagar, skular, helsestasjonen og skulehelsetenesta. Der det er behov for innsats frå fleire instansar skal det koordineras godt. Instansane kan til dømes vere PPT, legetenesta, barnevernet og andre samarbeidspartar.

I Ullensvang kommune skal desse rutinane og prosedyrane vere felles for skuler, barnehagar og andre instansar. På denne måten vert det oversiktleg og trygt for dei tilsette, men også for barn, unge og deire foreldre.

 

Handlingsrettleiiar tilsette

Nivå 0: Det har oppstått en undring kring barnet og avklarer me om det er grunnlag for bekymringa. Her kartlegg ein undringa og involverer foreldre/foresatte.

Nivå 1: Beskriv og set i gang tiltak innafor kvar enkelt teneste. Foreldre/ foresatte er aktive i saka.

Nivå 2: Beskriv eit tverrfagleg samarbeid mellom to tenester, som til dømes PPT. Foreldre/ foresatte må samtykke til dette.

Nivå 3: Beskriv eit bredt tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester. Foreldre/ foresatte må samtykke til dette samarbeidet.

 

Les meir om dette på: Forebygging.no > Tidleg innsats

BTi illustrasjon. Illustrasjon.