Alkoholpolitisk handlingsplan 2024 – 2028
Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår.
Alkoholpolitisk handlingsplan for Ullensvang kommune 2024-2028
Vedteken 13.03.24 av Ullensvang kommunestyre 020/24
Innleiing
Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår. Kontroll av tildelte løyver skal sikra at sal og skjenking skjer i tråd med lov og retningslinjer.
Jf. alkohollova § 1-7d er kommunen pålagt å utarbeide alkoholpolitisk handlingsplan og skal handsamast i kvar kommunestyreperiode. Denne planen legg rammer for kommunal sals- og skjenkepolitikk som gjer det mogeleg å delegera mynde frå politisk til administrative organ, og dermed yta raskare sakshandsaming til innbyggarane.
Kommunen er pålagt å utarbeida alkoholpolitisk handlingsplan. I tillegg til å gje informasjon og veiledning til løyvehavarane, skal dokumentet vera retningsgjevande for administrasjonen ved førebuing av saker til politisk handsaming, og for mynde som skal avgjera sakene.
Alkohollova set rammene for korleis alkoholpolitikken skal forvaltast. Innanfor desse rammene har kommunen stor fridom og stort ansvar til å utforma sin eigen lokale alkoholpolitikk.
All sal og skjenking av alkoholhaldig drikk mot vederlag krev løyve.
Målsetjing
Alkohollova sitt føremål § 1-1 skal i størst mogeleg grad begrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader alkoholbruk kan føra til. Som eit ledd i dette siktar lova på å avgrensa forbruket av alkoholhaldige drikkevarer.
Ullensvang kommune si målsetjing med den lokale alkoholpolitikken er sett med utgangspunkt i alkohollova sin føremålsparagraf. Kommunen skal gjennom løyvepolitikken ha som mål å avgrensa dei individuelle og samfunnsmessige skader alkoholbruk kan føra til.
Viktig delmål er å ha alkoholfrie arenaer i kommunen for barn og unge. Det er vidare ein målsetjing å føra løyvepolitikk som fremmer gode rammevilkår, lik handsaming og føreseielegheit for det lokale næringslivet.
Definisjonar:
Salsløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, der drikking skjer utanfor salsstaden (jf. alkohollova § 1-4 fyrste ledd)
Skjenkeløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, der drikking skjer på staden (jf. alkohollova 1-4 andre ledd).
Salsløyve
- Kommunen avgjer søknader om salsløyve med mindre det vert gjeve statleg løyve etter alkohollova kapittel 5, jf. 1-7.
- Ullensvang kommune har ikkje tak på antal salsløyve.
- Kiosk, storkiosk og bensinstasjon kan ikkje få salsløyve, jf. alkohollova § 3-4.
- Det skal vera styrar og avløysar knytt til salsløyvet.
- Det skal innhentast uttale frå politiet, skatteetaten og sosialtenesta før søknaden vert handsama, slik at løyvemynde kan vurdera om løyvesøkjar og personar som er knytt til verksemda er egna til å ha løyve.
- Styrar og avløysar må dokumentera bestått kunnskapsprøve for sal.
- Kunnskapsprøven kan takast på innbyggjartorget i Odda eller Kinsarvik.
- Ein må betala gebyr etter gjeldende satsar for å ta prøven.
- Ved eigarskifte eller vesentleg endring i driftkonsept, skal det søkjast om nytt løyve.
- Er det endring av styrar eller avløysar, skal det sendast søknad om godkjenning av desse til løyvemynde (kommunen).
Salstider:
- Kvardagar kl. 08.00-20.00
- Laurdager og dagar før heilagsdagar kl. 08.00-18.00 (Gjeld ikkje dagen før Kristi himmelfartsdag, den vert rekna som kvardag, jf.alkohollova § 3-7)
- Sal av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje sundagar og heilagdagar, 1. og 17. mai.
Skjenkeløyve
- Alle skjenkestader som skal skjenka alkohol må ha skjenkeløyve.
- Det kan gjevast løyve for alle alkoholgrupper (gruppe 1, eks. øl, gruppe 2 eks. vin og gruppe 3 brennevin).
- Kommunen avgjer søknader om skjenkeløyve, med mindre det vert gjeve statleg løyve etter alkohollova kapittel 5, jf. 1-7.
- Ullensvang kommune har ikkje tak på antal skjenkeløyve.
- Det skal innhentast uttale frå politiet, skatteetaten og sosialtenesta før søknaden vert handsama, slik at løyvemynde kan vurdera om løyvesøkjar og personar som er knytt til verksemda er egna til å ha løyve.
- Det skal vera styrar og avløysar knytt til skjenkeløyvet.
- Styrar og avløysar må dokumentera gjennomført og bestått kunnskapsprøve for skjenk.
- Kunnskapsprøven kan takast på innbyggjartorget i Odda eller Kinsarvik.
- Ein må betala gebyr etter gjeldende satsar for å ta prøven.
- Ved eigarskifte eller vesentlege endringar i driftkonseptet, skal det søkjast om nytt løyve.
- Er det endring av styrar eller avløysar, skal det sendast søknad om godkjenning til løyvemynde (kommunen).
- Alkohollova § 1-7a angjer følgjande moment som kan vektleggjast når ein vurderer søknad om skjenkeløyve:
- Antal skjenkestader
- Staden sin karakter
- Staden verksemda ligg på
- Målgruppa for løyvet
- Trafikk og ordensmessige forhald
- Nærinspolitiske hensyn
- Hensyn til lokalmiljøet
Skjenketider:
Lik skjenketid alle dagar:
- Gruppe 1 og 2 – kl. 08.00-02.00
- Gruppe 3 – kl. 13.00-02.00
Det vert ikkje høve til å søkja om utvida skjenketid.
Gebyr
Det skal betalast gebyr for kvar vareliter seld/skjenkt alkoholhaldig drikk. Storleiken på gebyret føl til ein kvar tid gjeldane forskrift om omsetjing av alkoholhaldig drikk mv. § 6-2.
Utvida salsløyve med høve til tilverking i eige verksemd
1. juli 2016 vart eit 100 år langt forbud mot direktesal av lokalprodusert alkohol gr. 2 oppheva og det vart høve for lokalprodusentar å søkja om slikt løvye. Kommunalt salsløyve kan utvidast til å omfatta tilverking av visse alkoholhaldige drikker gr. 2. Dette er eit snevert unnatak frå hovudregelen som er statleg tilverkingsløyve.
Bakgrunn for ordninga med utvida kommunale salsløyver er å fremja potensialet som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forhaldet lokal mat, drikka og turisme spesielt.
Begrepet gardssal vert ofte nytta, men er berre delvis treffande. Rett nok er ein stor del av produsentane knytt til gard, men det som er avgjerande er at det dreier seg om eigenproduksjon og at salet berre kan skje ved tilverkingsstaden, og som ein del av plassen sin heilskaplege karakter og salstilbod, jf. alkohollova § 3-1b., jf. § 1-7f. Dette kan vera ein gard, men det kan og tenkjast andre typar anlegg.
For å gje eit slikt løyve, er det nokre absolutte krav som må vera tilstades:
- Salet kan berre skje på tilverkingsstaden.
- Tilverking og sal skal utgjera ein del av staden sin heilheitlege karakter og salstilbod.
- Det kan ikkje tilsetjast brennevin eller verta blanda med andre alkoholhaldige drikkevarer.
- Minst ein tredel av råvarene som vert nytta må vera dyrka på eigen eller leigd jord, eller hausta i utmark gjennom eigen arbeidsinnsats eller gjennom arbeidskraft produsenten sjølv skaffar. Det betyr at det må liggja føre ein leigeavtale om det er eit as som får løyve eller nokon paktar ein gard.
- Det kan ikkje selgjast meir enn 15 000 liter per år.
Ambulerande skjenkeløyve:
Det vert ikkje gjeve ambulerande skjenkeløyve i Ullensvang kommune. Skjenkeløyve for einskildhøve erstattar dette.
Skjenkeløyve for einskildhøve:
- Løyve for einskildhøve må knytast til ein bestemt hending.
- Det skal vera ein skjenkeansvarleg. Ikkje krav om avløysar, men ved større arrangement, kan løyvemynde krevja det.
- Det vert ikkje gjeve skjenkeløvye:
- På idrettsarrangement.
- På arrangement der barn og unge er målgruppa.
- For å få løyve for einskildhøve må det vera 18 års aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon på arrangement der det vil vera naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan til dømes vera konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
- På såkalla bygdafestar kan ungdom frå 15 år og oppover delta. Vilkår for dette er at det vert utarbeidd risikovurdering/handlingsplan, for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk.
- Varigheit på eit einskildhøve er opp til 6 dagar
- Det skal utvisast forsiktigheit med å gje løyve for gruppe 3 ved store arrangement.
- Løyvesøkjar skal varsla politiet i god tid før større arrangement. Det er politiet som set vaktkrav og skal godkjenna vaktlista.
- Ullensvang kommune kan setja krav om kursing/dialogmøte i samband med enkelte arrangement, som til dømes bygdafestar, slik at desse festane kan gjennomførast med tryggleik og god orden for alle som deltek. Evt. kan ein gjennomføra digital kursing via Korus. Det må leggjast fram dokumentasjon på at kurset er gjennomført.
Gebyr for einskildhøve:
- 1-99 gjester – kr. 600.-
- 100-199 gjester – kr. 1 500.-
- 200 gjester og meir – kr. 3 000.-
Gebyr for sals- og skjenkeløyver med fråtrekk av kostnader til sals- og skjenkekontroll skal øyremerkast førebyggjande tiltak retta mot barn og unge.
Løyveperiode
- Sals- og skjenkeløyver vert gjeve for inntil 4 år, med opphøyr seinast 30. september året etter at nytt kommunestyret er konstituert, jf. alkohollova § 1-6.
- Fireårsregelen i alkohollova er knytt til prinsippet om det kommunale sjølvstyre i alkoholsaker. Tanken er at eit nytt kommunestyre skal ha rett og plikt til å utforma eigen alkoholpolitikk i kommunen, og ikkje vera bunde av alkoholpolitikken den tidlegare kommunestyre førte.
- Kommunen kan bestemma at løyver ikkje skal opphøyra, men gjelda videre for ein ny periode på inntil 4 år. Vilkår for å kunna gjera det, er at alkoholpolitikken er gått gjennom etter kommunevalet, jf. alkohollova § 1-6.
- Ved videreføring kan det setjast nye vilkår for løyvene.
- Ein kan få sals- og skjenkeløyve for ein tidsavgrensa periode, for ein bestemt del av året eller for eit einskildhøve.
Rådmannen ynskjer å leggja opp til ein forenkla søknadsprosess ved handsaming av ny løyveperiode for alle sals- og skjenkeløyver. I praksis vil dette løysast ved at løyvehavarane må senda inn eit oppdateringsskjema til løyvemynde. Dette skjemaet vert sendt frå kommunen på vårparten 2024. På denne måten får ein sikra seg at alle løyver har oppdaterte opplysningar.
Reaksjonar ved overtreding
Bryt skjenke- eller salsstadene reglane i alkohollova, alkoholforskrifta eller kommunen sine alkoholpolitiske retningslinjer, vert det reagert med åtvaring, tildeling av prikkar (i medhald av alkoholforskrifta kapittel 10), inndraging av løyve eller anmeldelse til politiet.
Frå 1. januar 2016 vart det innført nye, nasjonale reglar for tildeling av prikkar og inndraging av løyver. Dette inneber sakshandsamingsreglar og standardiserte reaksjonar for ulike former for overtredingar.
Reglane inneber at ulike typar brot vert tildelt eit visst tal prikkar, der 12 prikkar i løpet av 2 år vil føre til inndraging i ei veke. Eit brot kan gje maks 8 prikkar. Ordninga er obligatorisk, og kommunen er forplikta til å følgje anvisingane i denne forskrifta.
Hovudformålet med innføring av prikktildelingssystemet er å sikre at brot på regelverket vert følgd opp. Vidare er systemet meint å føre til ei forenkling av sakshandsaminga av inndragingssaker i kommunane. Prikktildelingssystemet gjev klåre retningslinjer for når eit løyve skal inndragast, og kva reaksjon som normalt skal veljast. Det skal ikkje utøvast skjøn i same grad som tidlegare, men unnatak kan gjerast i særlege høve. Konsekvensane ved brot vil vere meir tydelege og føreseielege for løyvehavarane med dette prikktildelingssystemet. Dette kan vere til hjelp for løyvehavarane når dei utarbeider rutinar og internkontroll for å sikre at drifta er i samsvar med alkohollova med forskrifter.
Ved 12 tildelte prikkar i ein periode på 2 år fører til inndraging av løyve.
Oversikt over prikkbelastning
8 prikkar:
- Sal og skjenking til mindreårige
- Brot på bistandsplikta
- Brot på krav om forsvarleg drift
- Hindring av kontroll
4 prikkar:
- Sal og skjenking til openbart rusa person
- Brot på tidsbestemmelsane
- Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
- Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol
2 prikkar:
- Openbart påvirka person i lokalet
- Manglar ved internkontroll
- Manglande levering av omsetjingsoppgåve
- Manglande betaling av gebyr
- Brot på reglar om styrar og stedfortredar
- Diskriminering og narkotikaomsetjing
1 prikk:
- Brot på reglar om alkoholfrie varer
- Brot på reglar om plassering av alkoholhaldig drikk på salsplassen
- Brot på reglar om skjenkemengd av brennevin
- Brot på vilkår i løyvevedtaket
- Konsumering av medbrakt alkohol
- Gjester tek med alkohol ut
- Brot på reklameforbodet
Høyringsinstansar på søknadar:
- Nye sals- og skjenkeløyve skal sendast på høyring til politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmynde.
- Sals- og skjenkeløyve for einskildhøve skal sendast på høyring til politi og sosialtenesta.
- Endring av styrar og/eller stedfortredar skal sendast på høyring til politi.
- Endring av skjenkeareal skal sendast på høyring til politi og NAV der det er vesentlege endringar.
Politi, skatte- og avgiftsmynde og sosialtenesta skal uttala seg om løyvesøknaden før den vert avgjort, for å ta stilling til vandel, og om søkjar tilfredsstiller lovkrava. Dette gjeld for løyvehavar, personar som eig ein vesentleg del av verksemda eller selskapet, og / eller driv selskapet, og for styrar og stedfortredar for løyvet. Vandelskravet gjeld ikkje for AS Vinmonopolet. Vert det avdekka noko som kan ha innverknad for løyvespørsmålet, pliktar politi og skatteog avgiftsmynde, utan hinder av tausheitsplikta, å informera løyvemynde. Ved vurdering om løyve for sal eller skjenking skal gjevast, kan kommunen leggja vekt på antal sals- og skjenkeplassar, verksemda sin karakter, plassering, lokalmiljøet, målgruppa, trafikk- og ordensmessige tilhøve og næringspolitiske omsyn og om løyvesøkjar er egna til å ha løyve. Vilkår I følge alkohollova § 4-3 kan kommunen setja vilkår for løyvet. Forutsetninga for eit lovleg vilkår er at det er begrunna i alkoholpolitiske hensyn.
Løyvemynde
Det er kommunen som tildeler sals- og skjenkeløyve etter alkohollova med mindre det vert tildele statleg løyve.
Ullensvang kommune har delegert mynde slik:
Kommunestyret:
- Vedtek alkoholpolitiske retningslinjer.
Formannskapet:
- Vedtek søknader om sals- og skjenkeløyve.
Rådmannen:
- Vedtek søknader om løyve for einskildhøve.
- Vedtek søknader om utvida skjenkeareal.
- Vedtek søknad om nytt sals- og skjenkeløyve der det allereie eksisterar løyve.
- Godkjenner ny styrar el. avløysar på eit løyve.
Sals- og skjenkekontroll
Kommunen har ansvar for kontroll med utøvinga av dei kommunale sals- og skjenkeløyvene, jf. alkohollova § 1-9 og alkoholforskirifta kap. 9.
Forskrifta seier at sals- og skjenkestadene skal kontrollerast så ofte som behovet tilseier, men minst ein gong kvart år. Det skal skal kontrolleras tre gonger meir enn det er sals- og skjenkestader.
Kontroll av sals- og skjenkestadene skal gjennomførast av skjenkekontrollen i Kvam herad.
Utgifter i samband med kontroll av sal og skjenking av alkoholhaldig drikk er føresett dekka inn gjennom kommunen si innkrevjing av sals- og skjenkeavgifter. Avgiftene er heimla i § 7-1 og forskriftene § 6.
Samarbeid med bransjen, kommunen, skjenkekontrollen og politiet
Ullensvang kommune vil i samarbeid med skjenkekontrollen i Kvam herad og politiet arrangera dialogmøte med sals- og skjenkenæringa. Det skal vera minst eit møte i året som Ullensvang kommune har ansvar for vert arrangert. Her vil vi i tillegg til politi og skjenkekontrollen invitera med oss sals- og skjenkenæringa og ungdomslag.
I tillegg vil vi arrangera kurs i mindre målestokk om arrangørar av til dømes bygdafestar har behov for det.
Samandrag konklusjon:
Ullensvang kommune skal føra ein løyvepolitikk som tilrettelegg for ein sunn og seriøs næring, som kan tilby kommunen sine innbyggjarar og turistar eit godt og variert utval av serveringsplassar. Kommunen ynskjer å samarbeide med løyvehavarane, slik at gjeldande retningsliner og regelverk vert følgd.