Hauso skule

Hauso skule

Hauso skule er ein kombinert barne – og  ungdomsskule med 75 elevar skuleåret 2019/20. Skulen har vakker utsikt mot fjorden og fjella og ligg midt mellom frukthagane, og tett på sjø, skog og fjell. 

Det er 16 lærarar tilsett på skulen, fleire av dei går i deltidsstillingar. I tillegg til rektor og inspektør, er det no 3 assistentar, bibliotekar, to reinhaldarar og vaktmeistar. Skulen har også kontormedarbeidar i 50 % stilling. Hauso skule har godt utdanna lærarar. Difor nyttar me også faglærarar på alle trinn så langt me får det til.

Skulen har SFO (skulefritidsordning) fem dagar i veka. Kvar tysdag har dei bading i det fine bassenget på skulen. Skulen tilbyr leksehjelp til alle elevar frå 2. klasse.

  • SFO tlf: 53 66 62 13 / 909 47 393
  • Opningstider SFO: måndag – torsdag  kl. 13.15 – 16.15, fredag kl. 13.15 – 16.00

 

Alle elevar i norsk skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Den enkelte elev skal ha eit miljø der dei ikkje vert utsette for krenkjande ord eller handlingar. Hauso skule jobbar aktivt med verdiarbeid og ulike trivselstiltak for å fremja eit trygt og godt elevmiljø. Me jobbar for at skulen sine verdiar skal visa att i skulekvardagen. Her er verdiane våre:  

Hauso skule:              

  • viser engasjement       
  • har struktur       
  • fremjar samarbeid       
  • har eit positivt menneskesyn 

Hauso skule

Aarekolvegen 9

5777 Grimo

53666213

https://www.minskole.no/hauso

Ingvild Hauso

Rektor

ingvild.hauso@ullensvang.kommune.no

53666213/90078277