Når må du søkja?
Du må søkja om sanitærabonnement i desse tilfella:
- Ny bustad, hytte eller næringsbygg som skal knytast til kommunalt vatn og/eller avløp
- Eksisterande bygg som ikkje tidlegare er godkjend tilknytt kommunalt anlegg
- Tilbygg eller påbygg som aukar talet på bueiningar
- Omlegging, utviding eller ny tilkopling av eksisterande privat stikkleidning
- Mellombels tilknyting, t.d. brakkerigg under byggearbeid
- Fråkopling (plugging) av eksisterande sanitæranlegg (skjema finn du her)
Merk!
Arbeid på kommunalt vatn- og/eller avløpsanlegg kan ikkje setjast i gang før søknad om sanitærabonnement er handsama og godkjend av kommunen, og eventuelt løyve etter plan- og bygningslova er gjeve.
Slik søkjer du
Søknad om sanitærabonnement skal sendast inn av eit godkjent føretak på vegne av eigar. Som privatperson kan du ikkje søkja sjølv.
Ta kontakt med ein godkjend rørleggjar eller VA-entreprenør som kan handtera søknadsprosessen og utføra arbeidet for deg.
Søknad om sanitærabonnement eller melding om reparasjon/endring/supplerande tiltak
Krav til søknaden
Målsett VA-plan; skisse/teikning som viser alle tilkoblingspunkt, forgreiningar, stoppekran og stakepunkt på leidningsnettet mellom dei kommunale ledningane og nytt/eksisterande bygg. Teikninga skal leverast i målestokk 1:500 eller 1:1000 e.l.
Dokumentasjon på ansvarleg føretak; utførande personell må vera registrert og inneha minimum ADK-1-sertifikat. Røyrleggar med svennebrev og S-ADK-1 vert òg godkjent.
Dersom leidningsanlegget må leggast over ein annan person si eigedom, må det utarbeidast og tinglysast ei erklæring (servitutt) som sikrar løyve til å leggja og vedlikehalda leidningar og kummar. Kopi av tinglyst erklæring skal leggast ved søknaden.
Dersom bygget skal knytast til kommunalt anlegg via eit eksisterande privat leidningsnett, krevest det:
- Skriftleg løyve frå eigar av det private anlegget
- Avtale om solidarisk ansvar for utbetring, vedlikehald og drift av felles sanitæranlegg. Det vert stilt krav til dei private stikkleidningane, og det må vurderast om eksisterande privat sanitæranlegg er i samsvar med gjeldande krav.
- Det må i tillegg vurderast om det eksisterande private anlegget er i samsvar med gjeldande krav.
Vi stiller følgjande krav til handtering av overvatn:
- Overvatn (takvatn, drenering o.l.) skal ikkje koplast til eller leiast inn på kommunal spillvassleidning.
- Takvatn skal normalt leiast til terreng. Drenering frå bustadtomt leiast til kommunalt nett via dreneringskum, og takvatn skal normalt fordrøyast på eigen tomt.
- Nye tiltak som medfører endring av overflatematerial skal ikkje auka flomtoppar i tilgrensande vassdrag eller auka avrenning til naboeigdom.
- Overvatn skal handterast i samsvar med gjeldande kommuneplan og reguleringsplanføresegner for det aktuelle området.
Va-norm for kommunen
Tilknytingsgebyr
Tilknytingsgebyret er eit eingongsgebyr som vert fakturert etter at søknad om sanitærabonnement er godkjend. Gebyret skal vera betalt før fysisk tilknyting vert utført.
Gebyr vert krevd for:
- Ny tilknyting av eigedom (bustad, hytte, næring)
- Tilbygg eller påbygg som aukar talet på bueiningar
- Eksisterande eigedom der tilknytinga ikkje er godkjend
- Andre permanente tilknytingar, t.d. vanningsanlegg, båtplassar eller idrettsanlegg
Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr
Andre nyttige lenkjer:
Meir informasjon finn du på sida Vass- og avløpsgebyr
Forskrift om vass- og avløpsgebyr (med kommentarar)
Ferdigmelding
Etter at arbeidet er utført, skal ferdigmelding sendast inn. Ferdigmelding skal sendast av same føretak som sende inn søknaden.
Ferdigmeldinga skal innehalda:
- Målsett skisse som viser anlegget slik det faktisk vart bygd (as-built)
- Innmålingsdata for leidningsanlegget
Merk!
Ferdigmelding i sanitærsaka må ikkje forvekslast med ferdigattest i byggesaka, som vert handsama av byggesaksavdelinga.
Tilgrensande søknadsplikt
Arbeid med vatn- og avløpsleidningar kan i tillegg vera søknads- eller meldingspliktig etter plan- og bygningslova. Byggesaksavdelinga i kommune handsamar slike søknader. Dei to søknadstypane kan sendast inn samstundes, men er separate prosessar.
Søknad om sanitærabonnement kan ikkje handsamast fullt ut før igangsettingsløyve frå byggesaksavdelinga ligg føre der dette er påkravd.
Pålegg om tilknyting
Kommunen kan, der tilhøva ligg til rette for det, krevja at eksisterande busetnad og fritidsbusetnad vert knytt til kommunalt vatn og avløp, jf. plan- og bygningslova §§ 27-1 og 27-2. Kommunen har ingen tilskotsordning ved pålegg om tilknyting.
Gjeldande lovverk, normer og forskrifter