Kva består gebyret av?
Årsgebyret vert skilt i to delar:
- Fastgebyr: Ein fast sum per eining (bustad/næring) ut frå den lokale forskrifta vår.
- Forbruksgebyr: Betaling for sjølve vatnet du bruker.
Dersom du leiger ut ein del av bustaden (til dømes ei kjellarleilegheit) som er registrert som ei eiga eining, må du betala fastgebyr for kvar av dei to einingane.
Avløpsmengda vert alltid rekna som like stor som vassmengda du bruker.
Korleis vert forbruksgebyret rekna ut?
Du kan velja korleis vi skal rekna ut forbruksgebyret for bustaden din:
- Målt forbruk (vassmålar): Du betalar berre for det vatnet du faktiske bruker.
- Stipulert forbruk (bruksareal): Vi reknar ut forbruket ut frå storleiken (bruksarealet) på huset ditt, ikkje ut frå kor mange som bur der.
Merk: Næringseigedomar og offentlege verksemder må betala etter målt forbruk med vassmålar.
Døme på utrekning ut frå bruksareal
Dersom du har ein bustad på 120 m², Reknar vi ut det stipulerte forbruket slik:
120 m²: 120 m² * 1,2 (omrekningsfaktor) = stipulert forbruk: 144 m³.
Kjem du dårleg ut med stipulert forbruk? Då kan du installera ein vassmålar og heller betala for det faktiske forbruket ditt.
Fritidsbustader
Dersom bygningen er registrert som «fritidshus» eller «bustad nytta som fritidshus» i matrikkelen (det nasjonale eigedomsregisteret), er det stipulerte forbruksgebyret sett til 50 % av forbruket for vanlege bustader.
Slik melder du frå om ny vassmålar
Når du har fått montert ein vassmålar i bustaden din, må du gje beskjed til kommunen.
Skjema: Registrering av ny vassmålar
Avlesing av vassmålar
Har du installert vassmålar, skal du lesa av forbruket ein gong i året kring årsskiftet.
Tidleg året etter får du ei avrekning frå oss. Avrekninga viser om du har betalt for mykje eller for lite i forskot gjennom året, og justerer dette på neste faktura.
Prisar, regelverk og meir informasjon