Lesa av vassmålar

Eigar av bustadeigedom kan velja om han vil betala forbruksgebyr for vatn og avløp etter målt vassforbruk med vassmålar eller stipulert forbruk i høve til bruksareal. Næringseigedomar og offentlege verksemder skal ha installert vassmålar jf. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune § 5. 

Kvart år vert det gjort ei avrekning av innbetalt gebyr i forhold til forbruk (avlest vassmålarstand).

Når skal du lesa av

Vassmålaren skal lesast av kvart år i desember. Du skal rapportera inn målarstanden når du får SMS eller avlesingskort. 

Dersom du ikkje er heime, hugs å notera vassmålarstand før du reiser og svar når du får SMS-varsel eller rapporter inn målarstanden til oss før du reiser.

For denne vassmålaren er korrekt rapportert målarstand 623.

Korleis lese av?

  • ikkje ta med raude tal
  • ikkje ta med tal bak komma

Ved feilavlesing av vassmålarstand via SMS eller internett kan du gjera ei ny avlesing. Det er den siste rapporterte vassmålarstanden gjelder.

Du kan ikkje få utsett svarfrist for vassmålaravlesing. Kommunen vil stipulera forbruket ut frå tidlegare forbruk og rekna ut gebyr på bakgrunn av dette. Kommunen kan krevja kontroll av vassmålaren.

Korleis rapportera

Om du får tilsendt SMS svarar du på denne. 

Dei som ikkje får SMS, vil få tilsendt avlesingskort og har følgjande val:

  • registrere vassmålarstanden på leseav.no
  • returnere svarslipp til kommunen

Er du registrert som mottakar av varsel for fleire vassmålarar, vil du få SMS varsel per vassmålar.

Ullensvang kommune

Ved eigarskifte

Ullensvang kommune gjer ikkje sluttoppgjer for vassmålar eller restansar på kommunale gebyr ved eigarskifte. Eigarskifte som skjer midt i ein termin, er ei sak mellom kjøpar og seljar. Me registrerer ny eigar når me får melding om tinglysinga. Det er den registrerte eigaren som til ei kvar tid er ansvarleg for gebyra på eigedomen.

Fritak for vass- og avløpsgebyr

Du kan søkja skriftleg om å sleppa gebyr dersom den gebyrpliktige bygningen blir kopla frå vassnettet. Du må rapportera målarstanden når du søkjer, og du må framleis lesa av vassmålaren kvart år sjølv om du har fritak.

Søk om fritak for slam-, feie-, vass- og avløpsgebyr