Vaksinering 2025

Her finn du informasjon om vaksinetilbodet hausten 2025, og korleis du kan førebyggje smitte. 

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til alle som er 65 år og eldre, samt andre vaksne i risikogrupper.  I vaksinasjonsprogrammet får målgruppa tilbod om vaksine mot influensa og korona kvart år. I tillegg får ein tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom til rabattert pris det året ein fyller 65, for 2025 gjeld dette personar fødd i 1960. Personar eldre enn 65 år, og andre i risikogruppene, må betale full pris for denne vaksinen og ta den hos fastlegen sin.  

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggja sjukdom og dødsfall. Les meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet 2025 her. 

Gode råd mot smitte

FHI råder oss til å skjerpe hygienerutinane om vinteren for å unngå smitte av sesonginfluensa og andre sjukdomar.

Slik vernar du deg mot smitte:

  • Vaksiner deg dersom du er i ei risikogruppe.
  • Hald avstand frå folk som er sjuke.
  • Vask hendene grundig og ofte, særleg etter å ha vore på stadar med mange folk og før du et. Såpe og vatn er førstevalet, men alkoholdesinfeksjon er eit godt alternativ når hendene er tørre og ikkje synleg skitne
  • Unngå å røre ved ansiktet med uvaska hender.
  • Ved direkte kontakt med sjuke kan bruk av munnbind vurderast.

Slik tek du omsyn dersom du er sjuk:

  • Host eller nys i eit papirlommetørkle som du kastar etter bruk, og vask hendene etterpå. Dersom du ikkje har lommetørkle, host i albogen.
  • Ved nyoppståtte luftvegssymptom med feber og redusert allmenntilstand bør du hald deg heime. Barn bør også vere heime frå barnehage eller skule.
  • Unngå kontakt med personar som er ekstra utsette.