Helsestasjon 0-5 år

Vi tilbyr helsestasjonstenester til barn 0-5 år på helsestasjonane våre i Jondal, Kinsarvik, Odda, Røldal og på Utne. Vi har fokus på helsefreming, førebygging og kapasitet til å forstå barnet sine tankar og kjensler.

Kva kan du få hjelp til?

Tilbodet på helsestasjonen 0-5 år følgjer eit standardisert program med 14 konsultasjonar, inkludert heimebesøk til nyfødde. Vi gir målretta helseundersøkingar, vaksinasjon, helseopplysning, foreldrerettleiing individuelt og i gruppe.

Målet med tenesta er å

  • fremja psykisk og fysisk helse
  • fremja gode sosiale og miljømessige forhold
  • førebyggja sjukdommar og skadar

På helsestasjonen møter du helsesjukepleiar, jordmor, lege, psykisk helsearbeidar, psykolog og sekretær. 

Vi har og mange samarbeidspartar, blant andre  barnehagane i kommunen, fysioterapeutar, familieterapeutar, barnevern, spesialisthelsetenesta for barn og unge si psykiske helse (BUP), koordinerande eining og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Dersom barnet er sjukt og treng legetilsyn, kontakt fastlege eller legevakt på 116 117.

Slik får du tilbodet

Helsestasjonen sender deg timeinnkalling via SMS eller gjer avtale per telefon. Meld frå i god tid dersom de ikkje kan møte til avtalt time.

Er du nytilflytta eller har du ikkje fått innkalling til helsestasjonen - ta kontakt med oss.

Det er ikkje helsesjukepleiar til stades utanom avtale på helsestasjonen. Dersom du ynskjer samtale med helsesjukepleiar må du ringa og avtala tid på førehand.

Kontakt oss

Pris

Helsestasjonstilbodet er ei gratis teneste.

Her finn du oss

Lovar og reglar

Nyttige lenkjer